Hopp til innhold

Nord-Korea vil teste atomvåpen

Nord-Korea vil gjennomføre ein atomvåpentest, heiter det i ei fråsegn frå Utanriksdepartementet i Pyongyang. Japan reagerer sterkt på planane.

Arkivbilete frå 1992 då Nord-Korea viste fram rakettarsenalet sitt.
Foto: AFP / AFP

Det heiter samstundes i fråsegna at Nord-Korea vil arbeide for at den koreanske halvøya skal vere atomvåpenfri.

Vidare blir det poengtert at Nord-Korea aldri vil bruke atomvåpen først i ein konfliktsituasjon.

Analytikarar reknar med at landet har nok materiale til å framstille mellom seks og åtte atombomber.

 

 

Nord-Koreas sterke mann Kim Jong Il
Foto: AFP / AFP

Den japanske utanriksministeren Taro Aso seier at dei nordkoreanske planane er "fullstendig utilgivelege", samstundes som han poengterer at det er høgst truleg at landet vil gjere alvor av det.

 - Manglar teknologi

 Likevel reknar mange som kjenner Nord-Korea med at landet manglar den teknologien som skal til for å lage kjernefysiske sprenglekamar som er små nok til å kunne plasserast i rakettar eller bomber.

- Japan vil reagerer sterkt på slike kjernefysiske prøver saman med det internasjonale samfunnet, sa Aso. 

Fråsegna frå Utanriksdepartementet seier ikkje noko om når testen skal gjennomførast, men seier at det vil skje i framtida, og at det er eit nytt steg i arbeidet for sjølvforsvar.

Analytikarar trur at om Nord-Korea gjennomfører ein atomtest no, så er det eit forsøk på å skaffe seg merksemd og å få til direkte samtalar med USA.

Sanksjonar

Pyongyang skuldar for USA for å ville styrte regjeringa i Nord-Korea ved å prøve å øydeleggje økonomien i landet gjennom sanksjonar. Landet krev ei heving av sanksjonane før dei er viljuge til forhandlingar.

Det har ikkje vore forhandlingar i sekslandsgruppa, dei to koreanske statane, Kina, Japan, Russland og USA, sidan november i fjor. Nord-Korea ynskjer først og fremst direkte  tosidige forhandlingar med ÙSA.

I juli i år gjennomførde Nord-Korea fleire testar av rakettar , noko som vekte sterke internasjonale reaksjonar, ikkje minst i nabolandet Japan.

SISTE NYTT

Siste nytt