NRK Meny
Korrespondentbrev

Det høyrest ut som eit eventyr – no manglar berre freden på ekte

Møtet mellom dei to koreanske leiarane var skreddarsydd til kvar minste detalj, og var spekka med symbolikk.

Toppmøte for fred

GRENSELAUS NASJON: Eit handtrykk. Eit grenselaust kart. Slik ser den koreanske draumen ut.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Det gjekk eit gisp gjennom lokalet då dei to koreanske leiarane tok kvarandre i hendene og Kim Jong-un leidde Moon Jae-in over på den nordkoreanske sida av grensa. Eit gisp. Og så latter. Som i overrasking eller lette over at den magiske augneblinken faktisk hendte. At dei såg det dei såg.

Pressesalen var full av journalistar frå heile verda, men dei fleste var frå Sør-Korea. Dei har det nærmast i sine genar. At frykta for krig skal vika, og gi rom for draumen om fred og forsoning. At ein dag må det skje. Og at den dagen kunne vere denne. Trass i at det er for godt til å vera sant.

Der og då var det nesten som om draumen allereie var blitt realitet. Ein nasjon. Eitt folk. Det var ein sjeldan god TV-augneblink.

NORTHKOREA-SOUTHKOREA/SUMMIT

KLEM: Latter og smil prega toppmøtet mellom Nord-Koreas Kim Jong-un og Sør-Koreas Moon Jae-in

Foto: POOL New / Reuters

Varm vår

Dei to leiarane omfamna kvarandre. Gjekk hand i hand. Smilte og lo.

Mannen verda har frykta viste seg frå ei sjarmerande, jovial og ufarleg side. Kim Jong-un sa det måtte bli slutt på det iskalde forholdet mellom Nord og Sør, for det har vore eit mareritt, og «no er tida inne for ein varm vår.»

Kim frå Nord og Moon frå Sør meinte at Panmunjom på Den demilitariserte sona burde bli gjort om til ein fredspark.

Det høyrest ut som eit eventyr.

På Panmunjom står soldatar frå Sør og Nord og stirer kvarandre i senk. For få månadar sidan skaut nordkoreanske soldatar på ein av sine eigne då han skifta side og hoppa av til Sør akkurat her.

Og då eg var med Natos generalsekretær Jens Stoltenberg inn i den nøytrale blå brakka, som strekk seg over båe sider av grensa, i fjor, stod nordkoreanske soldatar og stira inn gjennom vindauget med noko som likna på kikkertar. Det var berre eit glas i mellom, men det kunne like godt ha vore ei heil verd.

Nordkoreanske soldater kikker inn vinduet ved DMZ

GLAS: Nordkoreanske soldatar ser gjennom vindauget og observerer NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, då han vitja Panmunjom

Foto: Kjersti Strømmen

– Mi teikning

Toppmøtet mellom Nord- og Sør-Korea var emosjonelt for koreanar på båe sider av grensa, men også den amerikanske presidenten let seg riva med. Donald Trump tvitra at kanskje ville det beste vera at også møtet han skulle ha med Kim Jong-un skjedde på Panmunjom.

– Vil fredshuset på grensa mellom nord og Sør-Korea vera ein meir tiltalande, viktig og varig arena, enn eit tredje land. Eg berre spør, tvitra presidenten.

Meldinga frå Trump fekk ein av avisteiknarane i Korea Times til å illustrera den amerikanske presidenten med fargeblyantar og biletet av ei fredsdue, der Trump har sett strek over namna til dei to koreanske leiarane og skrive sitt eige. I ei tankeboble seier Trump at dette er «mi teikning».

Karikaturtegning i The Korea Times, 01.05.2018

«MI TEIKNING»: Donald Trump vurderte Panmunjom som arena for sitt toppmøte med Nord-Koreas Kim Jong-un, og blei difor karikatert av avisa Korea Times. Trump landa omsider på Singapore.

På godt asiatisk vis, der det handlar om å skryta av andre, og der det å vera god på å vera audmjuk også gir respekt, ja, så har den dyktige statsmannen og sørkoreanske presidenten Moon Jae-in sagt at Donald Trump bør få fredsprisen for å legga forholda til rette for fred på Korehalvøya.

Eigentleg er det Moon Jae-in sjølv som har klart å manøvrera dei fleste brikkene slik at det no er mogleg med eit toppmøte mellom USA og Nord-Korea.

Desse brikkene er ikkje berre Nord-Korea og USA, men også Kina og Japan. Dei har alle same mål om eit atomfritt Korea, men er ikkje samde om korleis det skal skje.

For Sør-Koreas Moon er det nett det same kven som får fredsprisen, så lenge Korea får fred.

NORTHKOREA-SOUTHKOREA/SUMMIT

HISTORISK: For første gong kom ein nordkoreansk leiar over grensa til Sør.

Foto: POOL New / Reuters

«Landet eg såg»

For å toppa det koreanske toppmøtet med sitt kunne Trump ha valt seg den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang som arena.

Det ville ha gjort fiksjon til ekte vare.

I den nordkoreanske filmen frå 2012 kalla «Landet eg såg», kjem den amerikanske presidenten til Pyongyang fordi landets atomprogram har tvunge USA til å handsama Nord-Koreas leiar som ein likemann.

I filmen blir det brukt ekte klipp av Bill Clinton frå då han var i Pyongyang for å henta ut amerikanske fangar. Det var i 2009, etter at han var ferdig som president, men i propaganda er jo det meste lov.

Tidlegare president i USA, Bill Clinton, vitja Pyongyang

I PYONGYANG: Bill Clinton vitja Nord-Korea etter at hans presidentperiode var over. Hendinga er blitt del av den nordkoreanske filmen «Landet eg såg».

Foto: KCNA VIA KNS / AFP

Eit toppmøte i Pyongyang kunne ha passa den fryktlause stilen til Donald Trump, men ville truleg gitt Nord-Korea flest poeng.

Møtet mellom Trump og Kim vil bli historisk, for det har aldri skjedd før at leiarane for desse to landa har møttest, men det vil aldri kunne nå dei same symbolske høgdene som det koreanske toppmøtet. Heller ikkje om det hadde blitt på Panmunjom.

Draumen

For koreanarane er Den demilitariserte sona eit faktum dei må forholda seg til. Samstundes er det unaturleg for dei at nasjonen er skilt i to. Difor har også eit grenselaust kart dominert det offentlege rommet i Sør sidan Nord-Korea blei invitert til, og tok del i Dei olympiske leikane tidlegare i år.

Plakatar som viser eit handtrykk og ein nasjon speglar den koreanske draumen om sameining og fred.

Etter at dei to koreanske leiarane tok kvarandre i hendene og kryssa grensa saman som to brør, sa den nordkoreanske leiaren at desse stega hadde fylt han med kjensler, og at han ønskte at alle koreanarar skal få oppleva det same.

NORTHKOREA-SOUTHKOREA/SUMMIT

FØRSTEDAMER: Dei to førstedamene frå Nord og Sør er båe tidlegare songstjerner

Foto: POOL New / Reuters

Slike ord går djupt ned i sjela på ein splitta nasjon, som aldri har forsona seg med ufreden.

Diktatoren i Nord, som skal ha stått bak drapet på sin eigen onkel og sin eigen bror, og som har rusta seg med atomvåpen, blei brått eit menneske av kjøt og blod for koreanarane i Sør, då han viste seg frå ei humoristisk side.

Kim fortalde at han hadde tatt med seg den tradisjonelle retten kalde nudlar i kjøtkraft den lange vegen.

– Men oops, eg burde visst ikkje ha sagt langvegsfrå, sa han til bølgande latter frå koreanarar i pressesalen.

Mens me andre blei litt forvirra forstod dei raskt kva han meinte. Langvegsfrå kunne bety at maten ikkje var fersk.

CORRECTION-SKOREA-NKOREA-POLITICS

FREDSHUS: Toppmøtet mellom dei to koreanske leiarane var i Fredshuset ved Den demilitariserte sona, Panmunjom

Foto: ED JONES / AFP

Ikkje tilfeldig

I Sør er det ikkje lov til å seia noko positivt om Nord, men no opna portane seg.

Ikkje berre blei restaurantar som serverer desse kalde nudlane i Sør brått overvelda av lange køar. På Twitter kom folkekravet om at Seoul må få ein vaskeekte nordkoreansk restaurant som spesialiserer seg på retten. Og dei vil ha nordkoreansk øl.

Koreanarane let seg sjarmera av førstedama frå Nord, som dei meinte var elegant kledd. Bortsett frå alderen var ho slett ikkje så ulik førstedama i Sør, for båe er dei tidlegare songstjerner.

Førstedama frå Nord bad om orsaking for at ho kom til middagen med presidentparet i Sør utan å ha førebudd noko. Ho hadde nett blitt varsla, hevda ho. Neppe sant, men den litt keitete kommentaren gav henne også eit folkeleg preg.

Det var ikkje noko på dette toppmøtet som var tilfeldig. Alt var planlagt i detalj.

NORTHKOREA-SOUTHKOREA/SUMMIT

MÅLERI MED MEINING: Verket «Fjellet Bukhan» i Fredshuset på Panmunjom er eitt av fleire kunstneriske verk som skulle understreka dei nære banda mellom Nord- og Sør-Korea.

Foto: POOL New / Reuters

På Fredshuset, var bakteppet til signeringa av Panmunjom-erklæringa, eit måleri kalla «Fjellet Bukhan». Kunstnaren har brukt den austasiatiske teknikken med å mala motivet frå ulike perspektiv på eitt og same lerret, og det gjer at ein får kjensla av å reisa inn i naturen.

– Meininga med dette biletet er å visa at me inviterer den første nordkoreanske leiaren nokosinne til å dra inn i sørkoreansk område, heilt til dei kjende Seoul-fjella, skriv presidentpalasset, på sin blogg.

Omstridt dessert

Møtebordet var også nøye gjennomtenkt med sine 2018 millimeter på midten, som skal understreka at 2018 blir eit historisk år.

Vinen dei drakk var kulturhistorisk. Det var også sterkdrikken Munbae-ju som er frå Nord, men no er populær i Sør.

Då me fekk sjå filmen frå middagen såg det ut som om Kim Jong-un med raude kinn og blankt blikk, absolutt hadde fått ein god del av den.

NORTHKOREA-SOUTHKOREA/JAPAN-DESSERT

PUDDING: Kartet over eit grenselaust Korea som pryda desserten på toppmøtet provoserte japanarane på grunn av dei omstridde øyene Dokdo/Takeshima

Foto: HANDOUT / Reuters

Då dei to koreanske leiarane tok fatt på desserten med kvar sin hammar og slo hol på sjokoladetrekket, skapte også det begeistring. Under sjokoladetrekket kom det blå grenselause Korea-kartet til syne, på toppen av ein mangopudding.

Kartet gjorde japanarane rasande, fordi dei omstridde øyane koreanarane kallar Dokdo, og japanarane kallar Takeshima, her var gjort til ein del av Korea.

Det same kartet blei presentert under OL, men øyane blei der fjerna etter japanske protestar, fordi Den olympiske komiteen ikkje kan akseptera ein slik internasjonal konflikt under leikane.

Denne gongen handla møtet om det som sameiner Korea, og striden med Japan om territorium fungerer då godt som lim.

Vatn og jord

Då dei to tok seg ein avslappa vandretur og hadde ein såkalla privat samtale, som i ettertid blei sagt å handla om det komande toppmøtet med USA, ja så gjekk dei over ei gangbru malt i knall blått fordi fargen er å finna i FN sitt flagg, og i det grenselause koreanske flagget.

NORTHKOREA-SOUTHKOREA/SUMMIT

BLÅ GANGBRU: Også fargen på gangbrua, der dei to koreanske leiarane spaserte og diskuterte det komande toppmøtet med Trump, var nøye gjennomtenkt.

Foto: HANDOUT / Reuters

Treet Kim og Moon planta saman skal ha blitt skapt i 1953, same året som våpenkvila blei underteikna og midlertidig stansa Korea-krigen.

Dei to gav dette treet vatn og jord som kom frå fjell og elver, både i Sør og i Nord. Like ved blei det plassert ei steintavle med bodskapen om at her er det planta fred og velstand.

Når no høgtalarane som pumpar ut propaganda i båe retningar over grensa er stengde, og Nord-Korea har skrudd klokka til sørkoreansk tid, er koreanarane blitt godt forsynte med symbolikk.

No manglar berre freden på ekte.

SKOREA-NKOREA-US-CONFLICT-DIPLOMACY

UT AV MØRKET: Ein nordkoreansk soldat på den nordlege sida av Den demilitariserte sona

Foto: ED JONES / AFP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt