NRK Meny
Normal

Ny rapport avslørar «kastesystem» i Nord-Korea

I kommunistiske Nord-Korea er det lite som minner om likskap i befolkninga. Ein ny rapport avslører at alle vert kategorisert i eit «kastesystem» basert på lojaliteten til foreldra.

Nord-Korea

Arbeidarar bukkar for statuane av dei tidlegare statsleiarane i Nord-Korea. Det er få land som har så store klasseforskjellar som det kommunistiske diktaturet i aust.

Foto: Vincent Yu / Ap

I det påståtte arbeidarparadiset Nord-Korea, er ulikskap noko som ein må leve med allereie frå det tidspunktet ein vert fødd, ifølgje ein rapport gjort av den amerikansk menneskerettsgruppa Committee for Human Rights in North Korea.

Ifølgje rapporten er alle vaksne i kommuniststaten delt inn i tre kategoriar; lojal, vaklande eller fiendtleg. Menneskerettsgruppa seier dette svarar til kastesystemet i India.

Utdanning, jobb, tilgang på mat, og til og med kven du kan gifte deg med, er avhengig av kor lojale foreldra var mot Kim-dynastiet i Nord-Korea.

«Egalitært arbeidarparadis»

– Gjennom den 64-årige historia til Kim-regimet, har dei heile tida påstått at Nord-Korea er eit egalitært arbeidarparadis. Men det viser seg at alle er formelt ulike allereie frå det tidspunktet dei vert fødd, seier leiaren i gruppa, Greg Scarlatoui.

Dissidenten Lee Sung-min, seier i eit intervju med Associated Press at familien hans vart stigmatisert av regimet i Nord-Korea, og vart nekta å bli med i arbeidarpartiet, fordi bestefaren var skulda for å samarbeide med Japan då Sør-Korea var ein japansk koloni.

– Ingen kjem seg unna klassebakgrunnen i Nord-Korea, seier Lee.

Styresmaktene i Nord-Korea nektar på si side for at eit slikt diskriminerande klassesystem eksisterer.

Arbeidarar i Nord-Korea

Fattige arbeidarar reparerer ei gate i hovudstaden Pyongyang. Det er i hovudsak dei best stilte innbyggjarane som får lov til å bu i denne byen.

Foto: PEDRO UGARTE / Afp

Lagrar info om alle innbyggjarar

Rapporten er basert på 75 intervjuar med nordkoreanske dissidentar. Den nemnar også ein manual gitt ut av Ministeriet for offentleg tryggleik i 1993, som instruerer styresmaktene om korleis dei skal undersøkje den sosio-politiske bakgrunnen til folk.

Dette ministeriet skal ha lagra informasjon om alle innbyggjarar over 17 år, som vert oppdatert kvart andre år.

Bakgrunnen for klassesystemet kjem frå ein reform i 1948 som skulle restrukturere klassane for å heve fram arbeidarar og bønder på kostnad av landeigarar og forretningsmenn.

I dag dominerer den lojale klassen arbeidarpartiet og militæret. Dei får æra av å bu i den relativt rike hovudstaden Pyongyang, og får gå på prestisjeuniversitetet og får dei beste jobbane.

Å avansere i klassene er svært vanskeleg, og krev eit liv med ukritisk kjærleik til Kim-regimet og det koreanske arbeidarpartiet. Men det er lett å falle i rekkjene dersom ein ikkje samarbeider med styresmaktene.

Det er heller ikkje særleg smart å gifte seg på tvers av klassane. Det vil sannsynlegvis føre til ekskludering frå arbeidarpartiet, noko som vil ha store konsekvensar for karrieren og den generelle livskvaliteten.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt