NRK Meny
Normal

Nord-Korea blir meir isolert

Det er dei som lurer på om den nord-koreanske prøvesprenginga er direkte knytta til det møtet som Tryggingsrådet i FN i dag har planlagt

Nordkoreansk soldat på vakt.
Foto: REINHARD KRAUSE / REUTERS

Der skal etter alle solemerke den sør-koreanske diplomaten Ban Ki-moon konfirmerast som FNs nye generalsekretær.

Ei prestisjetung utnemning som enkelte meiner kan falle den rivaliserande koreanske staten tungt for brystet.

Tilriv seg merksemd

Det er ikkje første gongen at Pyongyang vil tilrive seg merksemda som har kome andre til del. For nå taler mye for at FN-rådet raskt legg om dagsorden og drøftar prøvesprenginga som sak 1 i dagens møte. Slik kan spørsmålet om ny generalsekretær nærast få status av referatsak.

Nord-Korea har med prøvesprenginga i natt drive seg sjølv ut i – om muleg - enda sterkare isolasjon enn tidlegare. Prøvesprenginga er eit nederlag for det internasjonale diplomatiske arbeidet som er prøvt i forhold til Nord-Korea, men spesielt for Kina og for den sør-koranske solskinnspolitikken.

Hjelp stansa

Dei sørkoreanarane som heile tida har vore skeptikarar til den samarbeidslinja som tidlegare president Kim Dae-jung opna for og som sidan er ført vidare av Roh Moo-hyun, får nå følgje av fleire. Solskinnspolitikken har skaffa brødrefolket i nord hard valuta gjennom industrisamarbeid og turisme. Samtidig har nordkoreanarane fått nødhjelp, og slektningar har fått møte kvarandre etter 50 år utan kontakt over grensa mellom dei to koreanske statane.

Nå har Sør-Korea med øyeblikkeleg verknad stansa ei stor hjelpesending med sement til flaumoffer i nord og kjem venteleg temmeleg snart til å skru dramatisk ned på andre solskinnsprosjekt.

Atomvåpen i Sør-Korea

Noen trur også at Sør-Korea nå alvorleg vil drøfte om USA skal få kome tilbake med dei atomvåpena som blei henta ut da landet erklærte seg atomvåpenfri tidleg på 90-talet.

Men det er i forholdet til Kina at Nord-Korea løper den største risikoen når det nå har valt å gjøre truslane sine verkelege. Kina har vore Nord-Koreas fremste allierte i over eit halvt hundreår. Sjølv om dei to maktene har drive frå kvarandre ideologisk dei siste åra, er det Beijing som har sytt for det meste av mat og olje utanfrå. Og dei siste par åra har Kina brukt denne kontakten til å prøve å få nordkoreanarane til forhandlingsbordet og overtyde leiarane i Pyongyang om at dei har alt å vinne på samarbeid og dialog i staden for atomvåpen.

Kina uvanleg kritisk

Og i den krisa som har bygd seg opp den siste veka, har Beijing vore uvanleg open i åtvaringane sine til Pyongyang mot å gjennomføre sprengingsplanen. Den kinesiske reaksjonen i etterkant i dag er tilsvarande uvanleg sterk.

Nå kan vi vente at Kina i enda sterkare grad slutter rekke med både USA og dei regionale maktene Japan og Sør-Korea.

Kor langt Kina vil gå i dei sanksjonane som FN nå heilt sikkert vil drøfte, er likevel uvisst. USA ser gjerne eit regimeskifte i Pyongyang, mens det neppe er noe kinesisk ønske om å velte regimet til Kim Jong-il, med det politiske kaos, uro langs grensene og venteleg flyktningstraum som det kan medføre. Derfor vil verdas auge bli retta like mye mot Beijing som mot Pyongyang dei næraste dagane.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt