Hopp til innhold

Nord-Korea beklagar, Sør-Korea stansar propaganda

Nord- og Sør-Korea er samde om ein avtale som skal løyse den nyaste krisa mellom dei to landa, melder nyheitsbyrået Yohnap. Avtalen skal innebere ei beklaging og stansing av propagandasendingar.

Sentrale aktører fra Nord- og Sør-Korea i forhandlinger

Avtalen mellom dei to nabolanda skal no vere i boks, dette biletet er tatt frå eit møte nokre dagar tidlegare.

Foto: UNIFICATION MINISTRY / Afp

Sør-Korea stansar propagandasendingane mot Nord, som svarer med å beklage landmineeksplosjonane som såra sørkoreanske soldatar.

Naboane er også samde om å halde eit nytt møte, anten i Pyongyang eller Seoul.

Avtale i kveld

Nord- og Sør-Korea inngjekk i kveld norsk tid ein avtale for å løyse krisa som oppstod etter skotutveksling, det melder eit sørkoreansk nyheitsbyrå.

Avtalen er eit resultat av over to dagar lange forhandlingar.

Spelte av propaganda og vestleg musikk

FILES-SKOREA-NKOREA-MILITARY FILES-SKOREA-NKOREA-MILITARY

Dei sørkoreanske propagandahøgtalarane skal også ha kringkasta fornærmingar mot Kim Jong-un, men det er ikkje stadfesta.

Foto: KIM JAE-HWAN / Afp

Regjeringstoppar frå Seoul og Pyongyang møttest laurdag til eit krisemøte i grenselandsbyen Panmunjom etter at Nord-Korea hadde lova å gå til krig på grunn av høgtalarane til Sør-Korea.

Spenninga mellom dei to landa har vore aukande etter at to sørkoreanske soldatar vart alvorleg såra då dei gjekk på ei landmine i den demilitariserte sona tidlegare i august.

Sør-Korea svarte med å ta i bruk høgtalarar for å formidle anti-nordkoreansk propaganda.

Bruken av høgtalarane førte til at Pyongyang fyrte av artilleri mot sør sist veke.

Sør-Korea har nekta å stanse propagandasendingane frå høgtalarane på grensa, men i staden for å gjere alvor av truslane, tok nordkoreanarane initiativ til å møtast ved forhandlingsbordet.

Satsar på familiegjenforeining

Dei to landa skal også forsøke å få i stand nye gjenforeiningsmøter i september mellom koreanske familiar som vart splitta under Koreakrigen.

Det er ein del av avtalen etter kriseforhandlingane, ifølgje styresmaktene i Seoul.

Sist gong dei to nabostyresmaktene arrangerte møter mellom familiemedlemmar som ikkje har sett kvarandre på 60 år, var i februar 2014.

Listene over folk som ønsker å møte slektningane sine, er lange. Stadige utsetjingar og avlysingar frå Nord-Korea si side bidrog til at mange aldri rakk å delta på eit slikt møte.

i 2014 fekk 82 sørkoreanarar møte 180 nordkoreanske slektningar. Dei fekk tre dagar samen i Kumgang-fjella på den nordkoreanske austkysten.

Det har vore 18 gjenforeiningsmøter mellom familiemedlemar frå nord og sør sidan 1985, ifølgje NTB.

SISTE NYTT

Siste nytt