- Nonnene i klosteret visste ingenting om det som gjekk føre seg, seier politioberst Edoardo Cappelano til AFP. Politiet tok beslag i 40 kilo kokain då dei gjekk til aksjon mot klosteret tidlegare i dag.
Obersten fortel vidare at ei colombiansk tryggingsvakt ved klosteret var ein sentral person i narkotikaligaen. Han slapp medhjelpararne sine inn i klosteret under påskot av at dei var pilegrimar eller menneske som hadde behov for åndeleg hjelp.
Ein av dei arresterte skal ha arrangert pilegrimsturar med eit sterkt religiøst innhald frå Colombia til heilage stader i Italia. Det var slik narkotikakurerane kom seg til landet og inn i klosteret.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Det vakttmannen sa var bønebøker, biblar og anna religiøst lesestoff, viste seg å vere store mengder kokain.
33 personar er arresterte i saka, blant dei 12 frå Colombia. 80 andre er under etterforsking.
Italiensk politi trur den kalabriske mafigruppa 'Ndrangheta og minst to colombianske narkotikakartell står bak smuglinga av narkotikaen frå Colombia til Italia og nonneklosteret i Piacenza.
'Ndrangheta-organisasjonen, den raskast veksande og mest brutale mafiagruppa i Italia, har truleg kontroll over det meste av kokaintrafikken i Europa.
Oberst Edoardo Cappelano seier at dei med denne vellukka operasjonen har retta eit alvorleg slag mot kokaintrafikken i den nordlege delen av Italia.
Ein av dei mistenkte blir ført ut av politihuset i Piacenza.
Foto: HO / AfpLES OGSÅ:
LES OGSÅ: