NRK Meny
Normal

Nøktern dagen derpå i fransk presse

Forsiktig lette pregar franske aviser dagen etter presidentvalet.

Franske avisforsider dagen etter presidentvalget

"39 år og president!" utbryter Le Parisien fra avisstativet dagen etter presidentvalget.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Lette for at ytre høgre er slått, beundring for den vegen det 39 år gamle stjerneskotet har gått, men også krav til kva den nyvalde presidenten skal få til i eit splitta land med mange resignerte veljarar.

Slik samanfattar Le Monde reaksjonane i fransk presse dagen etter at det blei klart at den uavhengige sentrumskandidaten Emmanuel Macron er Frankrikes neste president. Oppslutninga enda på 65 prosent. Talet på blanke stemmer og folk som lét vere å stemme var det høgste sidan 1969.

«Vel blåst» - «Godt gjort» ...

«Vel blåst» er venstreavisa Libération sin umiddelbare reaksjon, medan eit syrleg «Godt gjort» prydar baksida med eit bilete av Marine Le Pen.

Laster Twitter-innhold

Dei har flagga tydeleg standpunkt, og hadde førre veke ein 16 siders «Anti-Nasjonal Front»-spesial. Dagen før valet var framsida også klar: «Gjer som De vil, men stem Macron». I går annonserte dei at dei ville boikotte valvaka til Marine Le Pen etter at det kom meldingar om at fleire medium ikkje hadde fått tilgang til arrangementet.

– I den siste kampen har republikken innkassert sigeren. Skaka, splitta, endevend av eit intolerant parti som har klart å samle opp mot 42 prosent som hadde tenkt å stemme på dei i løpet av kampanjen, Frankrike har nett vist dei framandfiendtlege – sjølv om dei framleis er sterke, trugande, aktive – at ho ikkje ville vite av dei, skriv dei i sin leiarartikkel.

Frankrike som vågar prydar framsida til den økonomiske avisa Les Échos som kallar Macron anti-Trump.

Den katolske avisa La Croix kallar det ein stor, men skjør siger.

Hindringar på vegen vidare

Avisene lenger ut på begge sidene av det politiske spekteret minner om at Macron har ein stor jobb framføre seg.

TOPSHOT-FRANCE2017-VOTE

Emmanuel Macron har ein stor jobb føre seg, noko han også anerkjente i sigerstalen. Her er han på veg til å møte tilhengarane sine ved Louvre-museet i Paris der dei hadde valvake

Foto: PHILIPPE LOPEZ / AFP

Den konservative Le Figaro understrekar at Macron berre representerer ein firedel av alle franskmenn, og at halvparten, veljarane til Le Pen og kandidaten frå ytste venstre, Mélenchon, er fiendtleg innstilt.

«Ein ny kamp startar», skriv den kommunistiske avisa L'Humanité, «mot ein president valt utan tilslutning», og viser til parlamentsvalet som vil få mykje å seie.

Nettmagasinet Slate går så langt som å kalle det starten på slutten for den 5. republikken. Dei er langt ifrå dei første til å peike på at systemet Charles de Gaulle innførte i 1958 er gått ut på dato. Ifølge dei er den tradisjonelle venstre-høgre-aksa erstatta med eit skilje mellom dei som er for og mot globalisering.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt