NRK Meny

Nok ein knusande dom for FN i Sør-Sudan

Trass forslaget frå fleire FN-medlemmer om å innføre våpenboikott mot Sør-Sudan, hevdar ein ny rapport at nettopp FN kan ha bidrege med våpen til opprørsgrupper i det unge landet.

FN-styrker i Sør-Sudan

FN har 13.000 fredsbevarande styrker i landet, og utvida før jul med ytterlegare 4000.

Foto: ALBERT GONZALEZ FARRAN / Afp
Gunnhild Årdal
Sverre Tom Radøy
Afrikakorrespondent

Rapporten kjem frå det sveitsiske forskningsinsituttet Small Arms Survey, og blir gjengitt av BBC. Dei skuldar FN for manglande nøytralitet, og hevdar at FNs fredsstøtande operasjon i Sør-Sudan har væpna opprørarar ved fleire høve i 2013.

Dette kjem mot eit FN som allereie har låg tillit i lokalbefolkninga, etter at dei i sommar nok ein gong feila i forsøket på å verne sivile.

– Prøvar stadig å verne sivile

NRK snakka med danske Ellen Margrethe Løj, FNs dåverande spesialutsending til Sør-Sudan, då vi besøkte landet i haust, og ho la ikkje skjul på at FNs stilling her er veldig svak.

– Vi er fullstendig klar over at FN har eit dårleg rykte. Det kan berre bli betre ved at vi stadig viser at vi gjer det vi er her for; å ta vare på dei sivile.

Like etter dette måtte Løj dra frå eit FN-oppdrag som stadig er langt unna å nå dette målet, til liks med sin forgjengar Hilde Fraford Johnson.

FILES-SSUDAN-UN-SECURITY-PATROL

Ei av dei opp mot tre millionar internt fordrive flyktningane i Sør-Sudan, nær ein FN-leir i hovudstaden Juba. I sommar blei kvinner valdtekne rett utanfor desse leirane.

Foto: ALBERT GONZALEZ FARRAN / Afp

FN fryktar eit folkemord

For berre to månader etter at tidlegare visepresident Riek Machar kom tilbake til landet etter å ha signert ei fredsavtale med erkerival og president Salva Kiir etter to år med borgarkrig, braut kampane ut på nytt mellom tryggingsstyrkene til dei to tidlegare krigsherrane.

No er landet nok ein gong i ein krigssituasjon, og FN har uttalt at dei fryktar eit folkemord.

– Forholda ligg til rette for ei gjentaking av det som skjedde i Rwanda, sa Yasmin Sooka, leiar av kommisjonen til FNs menneskerettsråd i november, og viser til folkemordet i 1994, der FN feila i å hindre nedslaktinga av nær ein million menneske i løpet av knappe tre månader.

Likevel stemte FNs tryggingsråd nei til å innfør våpenembargo og andre sanksjonar mot Sør-Sudan like før jul.

Oppgåver i kø for den nye FN-sjefen

United Nations New Secretary-General Ban Ki-moon, Antonio Guterres

Ban Ki-moon overlét 1. januar FN-roret til Antonio Guterres. Han lovar å vere ein brubyggar, men står ovanfor store utfordringar.

Foto: Seth Wenig / Ap

Og det er ikkje berre i Sør-Sudan FN har fått sterk kritikk. I Den sentralafrikanske republikk har FN-soldatar blitt skulda for seksuelle overgrep, og i Den demokratiske republikken Kongo, der det på ny er uro, har FN blitt utsett for valdelege demonstrasjonar og angrep frå sivile.

For ei veke sidan overtok Antonio Guterres det som kan sjå ut som ein stadig veksande saksbunke idet han trådde inn som FNs nye generalsekretær.

Når det gjeld dei seksuelle overgrepa har han oppretta eit utval som skal sjå på ein strategi for korleis ein kan unngå dette i framtida.

Å betre tilliten til FNs fredsoperasjonar er heller inga enkel oppgåve. Ei FN-kjelde BBC har snakka med seier at dei politiske prosessane rundt slike operasjonar må gå raskare. I tillegg foreslår han meir bruk av regionale styrker, t.d. slik ein har sett i Somalia. Dette er allereie ein diskusjon i FN, og det er også planar om sterkare samarbeid med Den afrikanske unionen (AU).

I Sør-Sudan vedtok FN før jul å utvide styrkane med 4000 personar, i tilegg til dei 13.000 som er der frå før.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt