Deborah Ramirez (53) er den andre kvinna som står fram med skuldingar mot høgsterettsdommarkandidaten som er utnemnd av president Donald Trump.
Dei gjekk begge på Yale universitet då hendinga skal ha skjedd.
Ramirez hevdar at Kavanaugh som ung student i skuleåret 1983-84 på ein fest på internatet var full, blotta seg, stakk penisen sin foran ansiktet hennar og fekk ho til å ta på den utan hennar samtykke, medan ho skubba han vekk, ifølgje The New Yorker.
No ber ho FBI om å undersøke saka.
Avviser skuldinga
Brett Kavanaugh avviser kontant at hendinga har skjedd.
– Denne påståtte hendinga for 35 år sidan fann ikkje stad. Folk som kjente meg då veit at det ikkje skjedde, og har sagt det. Dette er svartmaling, rett og slett, seier Kavanaugh til The New Yorker.
Torsdag skal han vitne i ei høyring. Der møter også Christine Blasey Ford, den første kvinna som har skulda han for seksuelt overgrep. Den saka dreier seg om eit valdtektsforsøk på 80-talet.
– Eg ser fram til å vitne om sanninga på torsdag, og forsvare mitt gode namn og rykte og integriteten eg har brukt eit liv på å byggje opp, seier høgsterettsdommarkandidaten.
- Les meir:
Saka blir undersøkt
Minst fire senatorar Demokratene har fått informasjon om historia hennar, og minst to av dei har sett i gang undersøkingar. Nokre Republikanarar har også fått nyss i historia og skal ha prøvd å framskunde røystinga i komiteen.
Ramirez skal først ha vore nølande til å stå fram offentleg, fordi ho ikkje hugsa alle detaljar frå hendinga. Etter seks dagars nøye gjennomgang av det ho hugsa og samtalar med eigen advokat, la ho fram saka.
- Les meir:
Får støtte frå Det kvite hus
Det kvite hus stiller seg bak Kavanaugh.
– Dette er del av ein svartmalingskampanje frå Demokratene som skal øydeleggje ein god mann. Alle som skal ha vore til stades avviser at det har skjedd, seier talspeson Kerri Kupec, ifølgje The New Yorker.