Militære transportfly frå Australia og New Zealand lasta med nødhjelp har landa på flyplassen i Tongas hovudstad Nuku'alofa, etter at folk har jobba på spreng for å få fjerna eit tjukt lag med vulkansk oske.
På det newzealandske flyet er det mellom anna vassdunkar, utstyr for å setje opp mellombels ly, generatorar, hygieneutstyr og kommunikasjonsutstyr, opplyser utanriksministeren i landet.

Australia er eit av dei landa som no hjelper katastroferamma Tonga.
Foto: LACW KATE CZERNY / AFPFoto: LACW KATE CZERNY / AFPMann sumde i 24 timar
Samtidig kjem fleire historier og detaljar ut frå øyriket.
Ein eldre mann vart skyld til havs av tsunamien og sumde i 24 timar.
Den uføre pensjonerte snikkaren Lisala Folau fortel til Tongas radiokanal Broadcom FM at han sumde og flaut frå si eiga øy Atala via to ubebodde øyar før han kom i land på hovudøya Tongatapu, 13 kilometer unna.
Lisala Folau, i blå skjorte, forteller historien sin til Tongas radiokanal.
Foto: MARIAN KUPU/BROADCOM BROADCASTIN / ReutersDet er britiske The Guardian som har plukka opp historia via nettsida til ein av dei tilsette til radiokanalen.
Mannen berga seg opp i eit tre då tsunamien ramma området. Men då ei endå større bølgje kom, høgare enn den seks meter bølgja som skylde over huset hans, vart han og ei niese skylt til sjøs.
Han klamra seg til ein trestamme og flaut mot ei anna øy i mørket.
Han tenkte at om han berre kunne klamre seg til trestammen, ville han bli funnen sjølv om han døydde.
Då det ikkje var hjelp å finne på øya han først kom til, tok han seg vidare til ei ny øy etter åtte timar i vatnet. Men heller ikkje der var det nokon, og han heldt fram til hovudøya der han vart funnen.
The Guardian har ikkje klart å finne ut kva som skjedde med niesa
Katastrofe i Stillehavet
Vulkanen Hunga Tonga-Hunga Ha'apai hadde eit stort utbrot som forårsaka ein tsunami laurdag.
Tongas kontakt med omverda har sidan då vorte kraftig avgrensa. Den undersjøiske kommunikasjonskabelen som knyter landet til resten av verda, vart øydelaga i vulkanutbrotet. Den er venta å vere ute av drift i minst ein månad.

Den kraftige tsunamien ramma ikkje berre Tonga. Så langt unna som i Peru jobbar folk på spreng for å rydde opp etter oljesøl forårsaka av sterke bølger.
Foto: ANGELA PONCE / Reuters
Den kraftige tsunamien ramma ikkje berre Tonga. Så langt unna som i Peru jobbar folk på spreng for å rydde opp etter oljesøl forårsaka av sterke bølger.
Foto: ANGELA PONCE / Reuters
Den kraftige tsunamien ramma ikkje berre Tonga. Så langt unna som i Peru jobbar folk på spreng for å rydde opp etter oljesøl forårsaka av sterke bølger.
Foto: ANGELA PONCE / Reuters
Den kraftige tsunamien ramma ikkje berre Tonga. Så langt unna som i Peru jobbar folk på spreng for å rydde opp etter oljesøl forårsaka av sterke bølger.
Foto: CARLOS MANDUJANO / AFPI helga vart det meldt at utbrotet førte til ei tsunamibølgje på 1,2 meter i Tonga, men tysdag sa styresmaktene at nokre av bølgjene var på opptil 15 meter.
Dei første bileta frå hovudstaden viser bygningar som er dekt av oske, vegger som har tippa over, og gater fulle av steinar, trestammar og anna rusk.
Tre personar er stadfesta døde, og øydeleggingane på fleire øyar er massive.

Ferske bilder viser skadane etter vulkanutbrotet. No kjem det hjelp.
Foto: Marian Kupu / AP

Fleire vil hjelpe
Når nødhjelp via lufta no er mogleg, står fleire land i kø for å få sendt hjelp. Japan vil sende to fly, og ei rekkje land, frå Frankrike til Kina, har antyda at også dei vil hjelpe.
Også fleire skip med nødhjelp skal til øystaten, men det er framleis venta å ta ei stund.
Australiarane håpar å få sendt eit skip fredag. Det er lasta med utstyr for å reinse vatn og andre humanitære forsyningar, ifølgje statsminister Scott Morrison.
Fleire land vil no hjelpe øystaten Tonga etter katastrofen.
Foto: CPL Dillon Anderson / APProblem med vatn
Meir enn 80 prosent av dei 100.000 innbyggjarane i øystaten er ramma av katastrofen, ifølgje FN.
Førebels regnar ein med at behovet for drikkevatn er det mest presserande. Drikkevasskjeldene har vore forureina av vulkansk støv og saltvatn.

Ferskvatn er blant nødvarene Australia no sender til Tonga.
Foto: LACW Kate Czerny / AP
Det er aukande fare for vassborne sjukdommar som kolera og diaré, åtvarar Katie Greenwod frå stillehavskontoret til Det internasjonale Røde Kors- og Røde Halvmåne-føderasjonen.

Statsminister i Tonga, Siaosi Sovaleni og Australia si høgkommissær til øystaten ser på det foran fyrste flyet som lander på Tonga torsdag.
Foto: HOGP / APFoto: HOGP / APOgså avlingane i landet kan vere hardt ramma.
Det sig Fatafehi Fakanafua, som leiger den lovgivande forsamlinga til øystaten. Med tårer i auga sa han at «alt landbruk er øydelaga», ifølgje AFP.


Hovedstaden Nuku’alofa.