Hopp til innhold
Urix forklarer

Nobels fredspris, mens krigen rasar i Europa

Samtidig med Russlands angrep på Ukraina, starta Nobelkomiteen arbeidet med årets fredspris. Krigen vil nok prege årets tildeling – spørsmålet er korleis.

Russia's attack on Ukraine continues, in Kharkiv region

Vinnaren av Nobels fredspris 2022 blir gjort kjend mens krigen rasar i Ukraina. Her ei øydelagt russisk stridsvogn – og ei standhaftig solsikke – i Kharkiv-regionen i Ukraina i sommar.

Foto: STRINGER / Reuters

For det blir fredspris. Også i år.

Når Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen trer inn i blitsregnet på Nobelinstituttet kl. 11, har prisvinnaren gjerne allereie fått eit vink.

Det nye er i år krigen i Europa. Det er vanskeleg å sjå for seg at fredsprisen i 2022 ikkje adresserer angrepet på Ukraina og følgene av det.

Men innretningane på ein slik pris kan vere fleire.

Krigen aktualiserer kampen for demokrati og menneskerettar aust i Europa, faren for bruk av atomvåpen og folk som må flykte. Og den aktualiserer arbeidet til dei internasjonale domstolane. Mellom anna.

Les også: Dette er favorittene til Nobels fredspris 2022

Ales Bjaljatski
Ales Bjaljatski

Nobelåret

Når prisen no blir kunngjort er den svaret på ein prosess som har inkludert Nobelkomiteen og ekspertar frå inn- og utland i trekvart år.

Fristen for å nominere er innan 1. februar. Etter det kan komiteens eigne medlemmer supplere lista, men berre fram til første komitemøte.

Ingen som då ikkje står på lista, kan få prisen. Denne siste fristen kom altså ei vekes tid etter angrepet på Ukraina.

Parlaments- og regjeringsmedlemmer i inn- og utland, tidlegare prisvinnarar, statsoverhovud og ein del universitetsfolk er blant dei som kan nominere.

Berit Reiss-Andersen

Nobelkomiteens leiar, Berit Reiss-Andersen.

Foto: STIAN LYSBERG SOLUM / AFP

Nobelkomiteens medlemmar møtast ein handfull gongar på begge sider av sommaren.

Gjennom våren blir lista over aktuelle prisvinnarar redusert frå meir enn 300 nominerte til berre ei handfull kandidatar.

Fleire av kandidatane på denne sokalla kortlista har stått der gjennom fleire år. Det har vist seg ikkje å vere noko ulempe.

Favorittar i 2022

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj er favoritt hos bookmakerane. Men det ville overraskande om komiteen gir prisen til ein statsleiar i ein pågåande krig. Trass i at han tilhøyrer den angripne part.

Samtidig er altså reglane slik at namnet hans måtte vere på blokka berre dagar etter invasjonen for i det heile å bli vurdert.

Meir sannsynleg er ein av fjorårets favorittar. Svetlana Tikhanovskaja er ein av frontfigurane i kampen for demokrati og menneskerettar i Belarus.

Tikhanovskaja med bilde av sin mann

Svetlana Tikhanovskaja held opp eit bilete av mannen, Sergej Tikhanovskij, som sit fengsla i Belarus.

Foto: ROMAN VONDROUS / AFP

I tillegg til kampen ho fører i Belarus, har ho engasjert seg kraftfullt mot krigen i nabolandet Ukraina, og truleg bidratt til ein sterk opinion mot at Belarus skal engasjere seg meir aktivt.

Ho kan også tenkast å dele prisen, til dømes med dissidentar i heimlandet eller andre aktivistar og menneskerettsforkjemparar i regionen.

Aktualisert

Ein annan pris som ville adressere Ukraina-krigen er dei internasjonale domstolane. Og rolla dei spelar i å dokumentere, og i neste omgang forfølge, brot på krigens reglar. Både Den internasjonale domstolen (Haag-domstolen ICJ) og Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har handla konkret i samband med krigen.

Kampen mot atomvåpen er aktualisert i skremmande grad gjennom krigen. Her er nok utfordringa meir å finne dei rette kandidatane.

Japanske Hibakusja - overlevande etter atombombene i Japan - og deira støttespelarar er ein moglegheit, sjølv om dei var sterkt deltakande då atomvåpenaktivistane i ICAN fekk prisen for nokre år sida.

Flyktningsituasjonen er også muleg tema for ein fredspris, 100 år etter Fridtjof Nansen fekk fredsprisen.

Så kan det tenkast andre tema, til dømes klima, men også det ville overraske i eit år der krig i Europa dominerer nyhetsbildet.

Spekulasjonar

Spekulasjonane på førehand er nærast eit ritual. Det skjer ikkje berre i Noreg, men i media verda over.

Verdien av spekulasjonane ligg eigentleg ikkje i om nokon klarar å finne kandidaten før kunngjeringa, men i at det i desse dagar blir sett fokus på fortjenstfullt fredsarbeid verda over.

Mann bærer ris fra WFP, Syria

I 2020 vart Verdas matvareprogram (WFP) tildelt Nobels fredspris for sitt arbeid mot sult i verda.

Foto: Amer Almohibany / AFP

Og at også konfliktar som ofte får marginal omtale gjerne blir løfta fram.

For Nobelkomiteen ligg verdien i at spekulasjonane bidrar til å halde interessa for prisen oppe.

«Fifteen minutes of fame»

Internasjonalt er kunngjeringa av fredsprisen Noregs «fifteen minutes of fame», med brei mediedekning over store delar av kloden.

Lekkasjar er det magert med. Berre komiteen veit. For det meste er hemmeleg gjennom Nobelåret, og hemmelegare er det blitt med åra.

Det heile blir avrunda med feiring, seremoni og fakkeltog i Oslo 10. desember. På Alfred Nobels dødsdag.

Les også: Donerer Nobel-medalje til ukrainske flyktningar

Novaja Gazeta-redaktør Dmitrij Muratov med nobelmedalje og nobeldiplom.
Novaja Gazeta-redaktør Dmitrij Muratov med nobelmedalje og nobeldiplom.

SISTE NYTT

Siste nytt