Hopp til innhold

Nobelfavorittane gratulerer

Nobelfavorittane Angela Merkel og pave Frans stiller seg i rekka av gratulantar etter at det vart klart at årets Nobelpris går til den tunisiske kvartetten for nasjonal dialog.

Angela Merkel

IKKJE SKUFFA: Talsmannen til den tyske forbundskanslaren Angela Merkel seier at ho ikkje er skuffa, og at ho vil gratulere ein verdig vinnar.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

Mange vart overraska då leiar i Nobelkomiteen, Kaci Kullmann Five, fredag kunne fortelje at årets fredspris går til Tunisia. Den nasjonale dialogkvartetten har ikkje vore høgt oppe på radaren over førehandsomtale favorittar.

– Dette er ein fortent pris for arbeid for demokrati, for å halde seg til tanken om at eit folk som har kvitta seg med ein diktator fortener noko betre enn ein ny diktator, seier Merkels talsperson til nyhendebyrået Associated Press, og avfeiar einkvar skuffelse frå den kanten.

Ei blanding av lette og antiklimaks i Vatikanet

The Guardian sin journalist John Hooper twitra frå presserommet i Vatikanet, der mange pressefolk hadde samla seg ettersom paven var ein sterk favoritt i forkant av kunngjeringa. Han fortel om ei blanding av lette og antiklimaks.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Dette viser ein veg ut av krisa i regionen

Gratulasjonane kjem også strøymande på Twitter.

Federica Mogherini

EU GRATULERER: Federica Mogherini, utanrikssjef i EU, seier at kvartetten viser at det er ein veg ut av krisa i regionen.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

– Nobels fredspris til den nasjonale dialogkvartetten i Tunisia viser ein veg ut av krisa i regionen: nasjonalt samhald og demokrati, skriv EU sin utanrikssjef Federica Mogherini, som fredag gratulerte vinnarane på vegner av EU.

EU-president Donald Tusk skriv:

– Gratulerer til den nasjonale dialogkvartetten for Nobelprisen. Etter eit besøk til Tunisia i mars forstår eg og respekterer valet.

EU sin handelskommissær, svenske Cecilia Malmström, sluttar seg til hyllingskoret, og skal sjølv besøke Tunisia neste veke. Ho seier til nyhendebyrået AFP at Nobelprisen er vel fortent.

– Den tunisiske vegen til demokrati har vore ei kjelde til inspirasjon og håp for oss alle. Eg ser fram til å personleg gratulere dei når eg besøker Tunisia neste veke.

Ein talsmann for FN i Genève ønsker prisen velkommen og seier til Reuters at «vi treng hjelp frå det det sivile samfunn for at fredsprosessen skal gå framover».

SISTE NYTT

Siste nytt