No snakkar den nordkoreanske avhopparen

Han skal ha blitt skoten sju gongar, har tuberkulose og legane hevdar at dei har fiska ut lange parasittar frå kroppen hans. No ventar alle på å høyre historia til den nordkoreanske soldaten.

Se den dramatiske flukten.

VIDEO: Sjå den dramatiske flukta over grensa.

Oh ligg på eit sjukehusrom, strengt vakta av sørkoreanske spesialstyrkar. På veggen har kirurgen som opererte han hengt opp eit sørkoreansk flagg.

Då Oh vakna på søndag, skreik han i smerte, fortel sjefkirurg Lee Cook-jong til Reuters torsdag kveld. Han er ein av få som har snakka med den nordkoreanske soldaten etter at han vakna.

– Han er ein grei fyr, seier Lee, og fortel at Oh har hatt mareritt om å bli send tilbake til Nord-Korea.

Lee

Lee Cook-jong er ein av legane som har behandla den nordkoreanske pasienten Oh.

Foto: Staff / Reuters

Flykta for livet

Det er over ei veke sidan den nordkoreanske soldaten flykta over grensa i eit regn av kuler. Grensevaktene skal ifølge sørkoreanske styresmakter ha fyrt av minst 40 skot, og sju av dei trefte soldaten, mellom anna i armen og i olbogen.

Oh vart funnen skadd på den sørkoreansk sida av grenseområde, og vart send til eit sjukehus utanfor Seoul. Dei sørkoreanske legane fortel at dei har brukt fleire dagar på å fjerne splintar frå kroppen hans, og å lappe saman øydelagde organ.

Til saman har sjukehuset pumpa tolv liter blod inn i kroppen til soldaten. Det er meir enn dobbelt så mykje blod som i ein normal menneskekropp.

I tillegg hevdar legane å ha funne fleire parasittar og innvolsormar i kroppen hans. Lee fortel at han aldri har sett noko liknande før.

Alt dette er informasjon som kjem frå sørkoreanske styresmakter, og er ikkje stadfesta av andre kjelder. Det har mellom anna komme ulike opplysingar om kor mange gonger soldaten vart skoten.

Lee Cook-jong

Ekspertar meiner Oh kan ha fått parasittane ved å ete mat dyrka i Nord-Korea, der ein framleis brukar avføring frå menneske som gjødsel.

Foto: Stringer / Reuters

Ser amerikanske filmar

For første gong sidan flukta, får Oh flytande næring. Han kan smile, snakke og bruke hendene sine, fortel Lee.

Oh har fortalt legane at han vart med i det nordkoreanske militæret som 17-åring, og at han aldri ønskjer å vere i militæret igjen.

Soldaten har forklart at han er takksam for at sørkoreanarane har redda livet hans.

På sjukehuset har Lee vist den nordkoreanske pasienten sørkoreansk popmusikk og amerikanske filmar og TV-seriar, noko som vanlegvis vert sensurert i Nord-Korea.

– Han likar «Transporter 3», «Bruce Almighty» og «CSI», seier Lee til Reuters.

Ønsker avhøyr

Det er mange som ønskjer å snakke med Oh, som er den første nordkoreanske soldaten som har hoppa av til Sør-Korea sidan 2007.

Lee har bede etterretningsagentane i det sørkoreanske militæret om å vente med å avhøyre soldaten.

– Denne nordkoreanaren skal ingen stadar. Han blir verande i Sør-Korea, så vi har ikkje dårleg tid, seier Lee.

SISTE NYTT

Siste nytt