Frå steinkasting til stemmeurne

Narkohandel, vanstyre, utsette val, etniske konfliktar. Mange negative ord kan skildre situasjonen i Guinea dei siste åra. No er håpet at eit utsatt val kan snu det til det betre.

GUINEA-ENERGY-PROTEST

No går dei snart til valurnene, folket i Guinea. Valet på den lovgivande forsamlinga i landet har blitt utsett fleire gonger, men neste tysdag vert det på ny gjort forsøk på å få gjennomført eit demokratisk val i Guinea, kor vanstyre og korrupsjon har herja dei siste tiåra.

Foto: CELLOU BINANI / Afp

Tysdag er det val i Guinea. I alle fall om alt går slik som det er planlagd. For valet skulle eigentleg ha funne stad i 2010, men det politiske miljøet i landet har i stor grad vore prega av kaos dei siste åra, og etableringa av eit stabilt demokrati har vist seg å bli ei vanskeleg oppgåve.

Richard Skretteberg i Flyktninghjelpen

Richard Skretteberg følger nøye me på utviklinga i Guinea, som han meiner kan vere avgjerande for stabiliteten i heile Vest-Afrika.

Foto: Svein Olsson / NRK

– Situasjonen har vore prega av ein skjør stabilitet i fleire år. No vert det gjennomført eit val til folkevalt forsamling, og opposisjonen vil gjerne utsette dette valet. Dei meiner landet ikkje er klart for å gjennomføre eit nytt val, forklarer Richard Skretteberg, som jobbar i Flyktninghjelpen og som kjenner godt til Vest-Afrika.

EU deler opposisjonen sin skepsis, og deira eigne valobservatørar oppmoda tidlegare i veka til eit meir gjennomsiktig val i Guinea. Berre ei veke før valet hadde observatørane møtt guinearar som ikkje hadde motteke valkortet sitt. FN har på si side sagt at landet er klart til å endeleg få gjennomført det stadig utsette valet.

Meir enn ein million på flukt

Skretteberg meiner situasjonen i Guinea er viktig for heile Vest-Afrika, ein region som dei siste tiåra har gått gjennom krise etter krise. Sierra Leone, Liberia og Mali er berre nokre av nabolanda til Guinea som har opplevd store politiske og humanitære utfordringar dei siste ti åra.

– Det som skjer i eit enkelt land smittar ofte over til naboland, så det er viktig at me ser på dette som ein region der ting høyrer saman, seier Skretteberg og viser til at meir enn ein million menneske har vore på flukt i etter borgarkrigar i nabolanda Liberia og Sierra Leone.

GUINEA-ELECTION-CAMPAIGN

Tilhengjarar av opposisjonsleiar Cellou Dalein Diallo driv valkamp for deira kandidat.

Foto: CELLOU BINANI / Afp

Narkohandel skapar mykje trøbbel

Guinea grenser til det store Atlanterhavet, og over det gigantiske havet flyr det småfly i låg høgde. Dei held seg rundt 2.000 meter over havet, slik at dei ikkje kan bli fanga opp av flyradarar. Målet for reisa er små landsbyar i Guinea og nabolanda, der narkotikaen om bord skal lastast av, og fraktast vidare i retning Europa.

– Narkohandelen bidreg til korrupsjon og politisk ustabilitet, og kroneksempelet på det har vore namnebrorlandet til Guinea, Guinea-Bissau. Grunnen til at Vest-Afrika har blitt eit kjerneområde for narkotikahandelen er at kokainbruken har bortimot fordobla seg i Europa, mens det har gått ned i USA, fortel Skretteberg.

GUINEA-ELECTION-CAMPAIGN

Tilhengjarar av president Alpha Condé sitt parti ser fram til valet 24. september.

Foto: CELLOU BINANI / Afp

Kampar mellom etniske grupper

Guinea fekk ein folkevalt president i 2010, og det var eit val som vert kalla Guineas første demokratiske val. Men sjølv om valet vart omtala som ein suksess, har problema blitt verande i Guinea, med kampar mellom folkegrupper og ein iherdig politisk dragkamp som bidreg til å splitte folket, snarare enn å sameine det.

– Det som er viktig no er å få eit konstitusjonelt styre, og for å få det skal ein no gjennomføre eit val på ei lovgivande forsamling. Og ideelt sett vil det danne eit grunnlag for at heilskapen kjem fram, at det vert eit gjennomsiktig styre, får bukt med korrupsjonen og at ulike etniske grupper får ein del av makta, seier Skretteberg.

Vest-Afrika-eksperten meiner eit vellukka val neste veke er avgjerande for eit stabilt Guinea, men om valet vil gå som planlagd denne gongen er det berre tida som vil vise.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt