Hopp til innhold

Danmark droppar AstraZeneca-vaksinen

Danmark skrotar AstraZeneca-vaksinen og blir dermed det første landet som droppar vaksinen heilt.

Tomme vaksineglass - Bærum vaksinesenter

Danmark har bestemt seg for å ikkje bruka AstraZeneca-vaksinen. Dei som allereie har fått første dose skal få tilbodet om ein annan vaksine.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Tidlegare i dag melde danske TV 2 og avisa Politiken at dei erfarte at koronavaksinen AstraZeneca blir fjerna frå det danske vaksinasjonsprogrammet.

På pressekonferansen i dag bekrefta den danske Sundhedsstyrelsen at dei skrotar vaksinen. Direktør Søren Brostrøm starta pressekonferansen med å seia at vaksinen no er ute av det danske vaksinasjonsprogrammet.

– AstraZeneca er ein effektiv vaksine, men det er opp til einskilde land om dei vil bruka vaksinen, seier sjef i det danske legemiddelverket Tanja Lund Erichsen.

Det danske legemiddelverket si vurdering er at det er best å stoppa bruken av vaksinen, blant anna på bakgrunn av at smittetrykket i Danmark er under kontroll.

– Den avgjerda som er blitt gjort i Danmark betyr ikkje at Lægemiddelstyrelsen er ueinig med EMA, seier Tanja Erichsen.

Pressekonferanse i Danmark om AstraZeneca-vaksinen.

To særlege tilfelle

Ho opplyser at Danmark er det første landet som droppar AstraZeneca-vaksinen heilt.

Det er ca. 149.000 personar i Danmark som har fått første dose av vaksinen. Dei vil seinare få tilbod om ein annan type vaksine, opplyser Sundhedsstyrelsen i ei pressemelding. I følgje Danmark sin vaksinasjonskalender skal alle danske borgarar over 16 år vera vaksinerte i løpet av august.

Danmark stansa bruk av koronavaksinen 11. mars etter at ei kvinne døydde med blodpropp.

– Det er framleis to tilfelle av uvanlege sjukdomsforløp i Danmark etter bruk av AstraZeneca-vaksinen, seier Erichsen.

Ho opplyser at dei no har eit namn på sjukdomsforløpet.

– Namnet er VITT, opplyser Erichsen.

Direktøren i Sundhedsstyrelsen, Søren Brostrøm, seier at det ca. er 1 av 40.000 vaksinerte som opplever dei sjeldne biverknadane. Brostrøm kallar ekspertutgreiingane av problema med AstraZeneca-vaksinen, blant anna saman med norske forskarar, for historiske.

EU fornyar ikkje vaksinekontraktar

Johnson & Johnson har utsett utrullinga av Janssen-vaksinen i Europa. Sundhedsstyrelsen i Danmark vil nøye følgja risikovurderingane som er sette i gang.

– Sundhedssyrelsen vil halda fram med samarbeidet med danske ekspertar om undersøkingane av effekt og biverknader ved alle koronavaksinane, også den nye Janssen-vaksinen frå Johnson & Johnson, skriv dei i pressemeldinga.

Sverige, Finland og Island har tatt opp att vaksineringa med AstraZeneca-vaksinen, men tilbyr berre vaksinen til eldre personar.

EMA, det europeiske legemiddeltilsynet, anbefalte at sjeldne blodpropptilfelle, i samanheng med låge blodplateverdiar, skulle førast opp på lista over sjeldne biverknadar. Samstundes sa dei også at fordelane av vaksinen er større enn ulempene.

I dag blei det også kjend at EU-kommisjonen ikkje vil forlenga kontraktane med AstraZeneca og Johnson & Johnson om levering av koronavaksinar. Det fekk avisa La Stampa opplyst av kjelder i helsedepartementet i Italia.

Skal konkludera i morgon

Eigentleg skulle dei koma med ein konklusjon på vaksinen 25. mars, men bestemte seg for å utvida pausen med tre veker for å undersøka rapportane om alvorlege biverknader frå vaksinen. Også FHI bestemte seg for å utsetja avgjerda om vidare bruk av vaksinen.

I morgon, 15. april, skal FHI saman med helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) koma med sin konklusjon om AstraZeneca-vaksinen.

Pressekontakt i FHI seier at alt av informasjon blir tatt med i vurderinga, men at konklusjonen til Danmark ikkje vil ha ei avgjerande tyding.

SISTE NYTT

Siste nytt