Hopp til innhold

No er irske kvinner berre éi underskrift unna sjølvbestemt abort

Politikarane stemde torsdag for å endre abortlova i Irland. Frå januar treng ikkje kvinner lenger å reise utanlands for å ta abort.

Aborttilhengarar feirar i Dublin

Dagen etter avstemminga i Irland i mai feira aborttilhengjarane i gatene i Dublin. Folkeavstemminga vekte eit stort engasjement på begge sider.

Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters

Irske kvinner har risikert opp til 14 år i fengsel dersom dei tek abort. Ufødde barn har ifølgje irsk lov ein grunnlovsfesta rett til liv, noko som betyr at abort er ulovleg.

Den strenge abortlova har møtt stor motstand, og i mai stemde eit fleirtal av irane for sjølvbestemt abort i ei folkeavstemming.

I oktober godkjende underhuset i parlamentet eit lovforslag som tillèt kvinner å ta abort, og torsdag denne veka vart forslaget også godkjent av overhuset. Det einaste formelle steget som står att er at presidenten signerer lovforslaget.

Frå januar kan kvinner dermed ta abort inntil 12. svangerskapsveke, eller dersom det er ein risiko for liv og helse for den gravide kvinna.

Urix forklarer verdens og Europas abortlover.

Urix forklarer verdens og Europas abortlover.

Ein stille revolusjon

– Ein historisk aukeblink for kvinner. Takk for alle som støtta forslaget, seier statsminister Leo Varadkar.

Då fleirtalet stemde for å endre abortlova i Irland, kalla Varadkar det for slutten på ein stille revolusjon.

Irlands helseminister Simon Harris og statsminister Leo Varadkar

Statsminister Leo Varadkar har engasjert seg på jasida for å få fjerna grunnlovstillegget som har gjort abort forbode i Irland.

Foto: Brian Lawless / AP

Saman med helseminister Simon Harris, har han engasjerte seg for å få fjerna grunnlovstillegget, som har gjort abort forbode.

– Kvinner har venta i 35 år på dette, og det må bli ein slutt på dei daglege brota på menneskerettane deira, sa Harris.

Han uttrykte også støtte til lovendringa på Twitter. Der skreiv han at det nye forslaget kjem til å fjerne stigmaet rundt abort, og støtte retten kvinner har til å bestemme sjølve.

Laster Twitter-innhold

Reiser utanlands

Rundt 170.000 irske kvinner har sidan 1980 reist til utlandet for å avbryte svangerskapet. Det gjeld også kvinner som ber på alvorleg sjuke foster eller som har vore utsette for valdtekt.

Når den nye lova trer i kraft i Irland er Malta det einaste landet i EU der abort framleis er ulovleg. Også Andorra, San Marino og Vatikanstaten har forbod mot abort.

Sjølve symbolet for kampen mot dei strenge irske abortlovene heiter Savita, men for henne kjem sigeren for seint. Du kan høyre om henne i podkasten Krig og fred.

Savita Halappanava

Savita Halappanava vart nekta abort og døydde av blodforgifting etter at fosteret døydde i magen hennar.

Foto: Peter Morrison / AP

SISTE NYTT

Siste nytt