Hopp til innhold

No er det truleg slutt for Cesare Battisti

Cesare Battisti (64), som har vore på flukt frå italiensk politi i over 37 år, er arrestert i Bolivia. I Italia ventar ein livstidsdom for fire politisk motiverte drap.

Cesare Battisti arrestert

Boliviansk politi har sendt ut dette biletet av Cesare Battisti etter arrestasjonen i Santa Cruz i Bolivia natt til søndag norsk tid.

Foto: Ho / AFP

Natt til søndag norsk tid vart han arrestert av ein fleirnasjonal politistyrke frå Interpol i byen Santa Cruz Bolivia, opplyser ein nær medarbeidar av Brasils president Bolsonaro, Filipe G. Martens.

Det skal blant anna ha vore italienske politifolk med på aksjonen. Martens lovar at det ikkje vil ta lang tid før han blir sendt tilbake til Italia

Cesare Battisti, som dei siste åra har livnært seg som ein suksessrik spenningsforfattar, vart i 1988 dømd til livsvarig fengsel in absentia for fire politisk motiverte drap på 1970-talet. Han var på den tida ein leiande figur i den militante venstregruppa «Væpna proletarar for kommunisme» (PAC).

Nektar skuld i drapa

Italias innanriksminister Matteo Salvini.

Italias innanriksminister Matteo Salvini lovar at Cesare Battisti skal sitje resten av livet sitt i fengsel.

Foto: Tony Gentile / Reuters

Han vedgår at å ha vore med i ekstremistgruppa PAC på 1970-talet, men avviser blankt at han hadde noko med drapa å gjere. Seinare har han teke avstand frå den valdelege politiske ideologien han den gongen trudde på.

Han er dømt for å ha drepe to politimenn, for medverknad til drap på ein slaktar og ein gullsmed, samt for å ha vore delaktig i at den 14 år gamle sonen til gullsmeden vart såra slik at han må bruke rullestol resten av livet.

Italias hardtslåande innanriksminister Matteo Salvini har i dag sendt ut takk til dei italienske og utanlandske politifolka som arresterte Battisti.

– Battisti er ein forbrytar som ikkje fortener å leve eit komfortabelt liv på badestranda. Han bør leve resten av livet sitt i fengsel, heiter det i ei fråsegn frå Salvini.

Cesare Battisti.

Cesare Battisti har også tidlegare vorte arrestert av politiet, slik som her i oktober 2017.

Foto: Fabio Marchi / AFP

– Ikkje styrt av bandittar

Sonen til Brasils president og parlamentsmedlem Eduardo Bolsonaro seier dette på Twitter, på italiensk og med bilete av Battisti:

– Brasil er ikkje lenger eit land styrt av bandittar. Matteo Salvini, «den vesle gåva» er på veg!

Cesare Battisti på gata i Santa Cruz.

Cesare Battisti fotografert av politiet på gata i Santa Cruz like før han vart arrestert.

Foto: AP

Han siktar truleg til at Brasils tidlegare president Lula da Silva gav Battisti politisk asyl i landet.

Etter livstidsdomen i 1981 greidde Cesare Battisti å flykte frå fengselet. Han kom seg over grensa til Frankrike, der han takka vere dåverande president François Mitterrand ikkje vart utlevert til Italia.

I 2004 skifta franske styresmakter meining og gjorde førebuingar til å sende han tilbake til Italia. Då greidde Battisti å flykte først til Mexico og seinare til Brasil, der han har opphalde seg dei siste åra. Tidlegare president Lula de Silva avviste eit italiensk krav om utlevering.

Greidde å stikke av

Seinare har avtroppande president Michel Terner gjort om denne avgjerda, og rett før nyttår underteikna han ein ny arrestordre og utleveringspapira. Men Battisti greidde å stikke av over grensa til Bolivia.

Det gjorde han også i oktober 2017, men vart arrestert og sendt tilbake til Brasil . Sidan har saka hans versert i det brasilianske rettsstellet. Noverande president Bolsonaro, som tok over 1. januar, lovde alt i valkampen at Battisti skulle sendast tilbake til Italia.

No verkar det ugjenkalleleg slutt for livet i eksil for italienaren. Eit fly med personell frå italiensk politi og etterretning skal alt vere på veg til Brasil, i håp om at dei kan ta med seg rømlingen heim i løpet av kort tid.

SISTE NYTT

Siste nytt