NRK Meny
Normal

Nigeria: Fleire angrep på valdagen

ABUJA, NIGERIA (NRK): Boko Haram er mistenkt for å angripe eit vallokale. To skal vere drepne. I dag går 70 millionar menneske til valurnene for å velje ny president i Afrikas mest folkerike land.

Nigeria Election

Tryggingsstyrkar fraktar stemmesetlar i hovudstaden Abuja.

Foto: Ben Curtis / Ap

– Åtvara vi dykk ikkje mot å ligge unna vallokalet?, skal ein funksjonær ha høyrt dei væpna mennene rope.

Angrepa skjedde i to landsbyar i Gombe-provinsen, Nord-Aust i Nigeria. Nyheitsbyrået AFP melder at islamistrørsla Boko Haram er mistenkt i raidet der minst to personar skal vere drepne.

I tillegg er det meldt om ein eksplosjon ved ein skule i Anambra-provinsen, som ligg i Sør. Provinsen er kjend for bitter politisk rivalisering. Tusen menneske vart drepne i samanstøyt under presidentvalet for fire år sidan.

Nigeria valg 2015

Mange møtte opp for å registrere seg i morgentimene.

Foto: Christine Præsttun / NRK

Fryktar jamt val

– Frykta er at valet blir så jamt at kandidatane byrjar å skulde kvarandre for juks. Da kan det bryte ut uro over heile landet, fortel NRKs afrikakorrespondent, Christine Præsttun på telefon frå Abuja.

NRK har vore ute og lodda stemninga i den nigerianske hovudstaden.

Nigeria Election

Unge og gamle i kø ved vallokala over heile Nigeria i dag. Snart 70 millionar menneske skal stemme.

Foto: Ben Curtis / Ap

70 millionar menneske til valurnene i dag

Valgplakat Nigeria 2015

Informasjon til veljarane i Abuja.

Foto: Christine Præsttun / NRK

Heile Abuja er i dag stengt for biltrafikk. Folk må gå til fots for å stemme. I morgontimane møtte folk opp for å registrere seg. Styremaktene har innført eit elektronisk system, der folk må registrere seg med fingeravtrykk. Tiltaket skal hindre juks, men gjer valprosessen kronglete.

– Vi har venta lenge på denne dagen, eg er tolmodig og innstilt på å få stemme. Dette er eit avgjerande val for Nigeria, fortel Seun Olagunju til NRKs korrespondent.

Klokka 13:30 kan alle som har registrert seg gå å stemme.

Nigeria Election

Unge og gamle i kø ved vallokala over heile Nigeria i dag. Snart 70 millionar menneske skal stemme.

Foto: Ben Curtis / Ap

Eit stort demokrati i Afrika

Av dei 173 millionar innbyggarane i Nigeria, har snart 70 millionar stemmerett.

Valet ligg an til å bli det jamnaste sidan 1999, då Nigeria vart eit demokrati. Det står mellom sittande president Goodluck Jonathan og utfordrar Muhammadu Buhari, ein tidlegare militærdiktator.

Buhari har i valkampen angripe Jonathan for manglande handlekraft. Herjingane til Boko Haram, økonomiske problem og korrupsjon er blant dei viktigaste utfordringane i Afrikas mest folkerike land.

Nigeria Election

I heimbyen til opposisjonskandidat general Muhammadu Buhari, Dauru, blir ny teknologi brukt på gamle hender.

Foto: Ben Curtis / Ap

Tekniske problem

Då Goodluck Jonathan og kona Patience i dag skulle registrere seg i heimbyen Otuoke, fekk dei tekniske problem. Det nye elektroniske stemmesystemet verka ikkje som det skulle, og presidentparet måtte finne seg ein nytt vallokale.

Frykt for vald

Jonathan og Buhari har gjort ein avtale om å unngå valdshandlingar, og kandidatane har brukt valkampen til å mane til eit fredeleg val. Men det finst mange krefter, som til dømes islamistane Boko Haram, som kan gjere valdagen utrygg.

Skulle det bli mange feil med det elektroniske stemmesystemet, kan det utløyse kaos.

Valresultatet er venta å kome innan 48 timar etter at vallokala stenger laurdag kveld. Men valet kan bli utsett i enkelte kretsar, skulle det bli mykje feil på det elektroniske stemmesystemet.

NIGERIA-ELECTION/ A man wears a shirt of an anti-violence campaign in Otuoke, Bayelsa State

Kandidatane samarbeider om ein antivaldskamapnje for å hindre gjentaking av dei blodige samanstøytane i 2011, som kosta 1000 menneske livet.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt