NRK Meny
Normal

Niger vil stoppe flyktningsstraumen

Etter at 92 menneske vart funne omkomne i ørkenen nord i Niger har styresmaktene i landet bestemt seg for å stenge migrasjonsleirar og straffe dei som driv med menneskesmugling.

LIBYA-CONFLICT-MISRATA LIBYA-CONFLICT-MISRATA

Desse mennene frå Niger har kome seg til Libya, som er siste stopp før Middelhavet. Reisa gjennom ørkenen var farleg. Reisa over havet kan bli endå farlegare.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / Afp

Det er ingen som veit akkurat kor mange menneske som kvart år tek seg frå Afrika til Europa, men at det har utvikla seg til å bli ein storindustri er det liten tvil om.

Å reise frå Afrika til Europa er på inga måte ufarleg, og heller ikkje billig. Minsteprisen som arbeidslause afrikanarar må ut med er 7.000 kroner, som oftast er det endå dyrare.

Tre sørgedagar

Niger er sentralt plassert i Afrika. Som siste post før det store ørkenhavet Sahara, er det nettopp i Niger at mange afrikanske migrantar startar den farlege ferda. I bilar fylt opp av menneske som ønskjer å kome seg til Europa, legg dei ut på ei strabasiøs reise gjennom ørkenen.

For dei 52 borna, 33 kvinnene og sju mennene som onsdag vart funne i Nord-Niger enda det i tragedie. Køyretøyet dei hadde reist i braut saman midt i ørkenen. Utan vatn tørsta dei i hel. Berre 21 personar kom levande fram til målet i Algerie, for så å oppleve å bli sendte tilbake att til Niger.

I Niger har styresmaktene kunngjort tre offentlege sørgedagar, og i dag gjorde dei det også klar at dei skal forsøke å sette ein endeleg stoppar for migrasjonsverksemda i landet.

(Saka held fram under biletet)

NIGER-LIBYA-IMMIGRATION

Det er i all hovudsak unge menn som prøver lukka og forsøker å kome seg mot Europa. For desse mennene sa det stopp i Algerie, og dei vart frakta tilbake til Agadez, byen i Nord-Niger som meir enn 4.000 flyktningar er innom kvar månad.

Foto: BOUREIMA HAMA / Afp

Vil stoppe migrasjonsstraumen

Representantar for styresmaktene las i kveld opp på statleg TV at dei forlanger at det vert sett ein umiddelbar stoppar for migrasjonsleirar nord i landet, og at dei som står bak menneskehandelen skal bli identifiserte og straffa for det dei held på med.

– Denne tragedien er eit resultat av kriminelle aktivitetar som vert utført av alle typar trafickingnettverk, stod det i pressemeldinga som vart lesen opp på statskanalen ORTN.

Søndag arresterte nigerske styresmakter 127 flyktningar som prøvde å ta seg over grensa til Algerie.

I ørkenområdet mellom Niger, Mali, Algerie og Libya finn det stad fleire ulovlege aktivitetar i tillegg til menneskehandel. Narkotikasmugling har lenge vore ei utfordring, og islamistiske grupper, som i fjor skapte borgarkrig i Nord-Mali, livnærer seg av desse typane ulovlege verksemder.

Det er med andre ord ei stor utfordring styresmaktene i Niger har om dei skal stoppe dei kriminelle bakmennene som bidreg til å halde flyktningstraumane i gang.

Niger
Foto: NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt