Hopp til innhold

Nigel Farage trekk seg som UKIP-leiar

Det annonserte han i ei tale måndag, der han la fram Uavhengighets-partiet sine planar for landet etter at folket stemte for å forlate EU.

Farage om hvorfor han trekker seg som leder for United Kingdom Independence Party

Nigel Farage er ein av grunnleggarane av Uavhengighetspartiet, som er tufta på målet om EU-utmelding, og har vore medlem av EU-parlamentet sidan 1999.

– Eg har bestemt meg for å tre til side som leiar for UKIP. Sigeren til Leave-sida i folkeavstemminga har gjort til at mitt politiske mål er nådd. Eg kom inn i denne kampen frå forretningsverda fordi eg ville at vi skulle vere ein sjølvstyrt nasjon, ikkje for å bli ein karrierepolitikar, seier Farage i ei pressemelding.

Farage annonserte også at han ville trekke seg etter valet i fjor, men ombestemte seg. Han seier at denne gongen er avgjersla definitiv.

Sjølv om UKIP blei tufta på EU-motstand, seier Farage at partiet vil halde fram, og at han trur dei har gode tider i vente.

Farage har ikkje noko klar meining om kven som vil overta roret i partiet, skriv The Guardian, som rapporterer frå tala til Farage direkte.

Den kontroversielle EU-motstandaren vil behalde plassen sin i EU-parlamentet så lenge forhandlingane om korleis Brexit skal skje held fram.

Politisk kaos

Dette er den siste i ei rekke meir eller mindre overraskande hendingar i britisk polikk i kjølvatnet av Brexit.

I det konservative partiet er det ein kamp om kven som skal ta over etter avtroppande leiar og statsminister David Cameron, og i opposisjonspartiet Labour har eit fleirtal av parlamentsmedlemmene stemt for mistillit mot leiar Jeremy Corbyn, sjølv om Corbyn så langt hevdar at han ikkje har planar om å trekke seg.

Etter at Boris Johnson, i bresjen for Leave-kampanjen og venta å ta over etter Cameron, annonserte at han ikkje stiller som leiar for dei konservative, og etter at han og fleire andre Leave-forkjemparar omtrent forsvann frå offentlegheita i dagane etter avstemminga, har «Nei-generalane» fått kritikk for ikkje å ta ansvar.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt