Ein amerikansk talsmann gav ingen andre detaljar om det som hende enn at dei ni vart drepne i kamp i den vestlege provinsen Anbar, der opprørsbyane Falluja og Ramadi ligg.
Hittil under krigen i Irak er 858 amerikanske soldatar drepne i kamp. Totalt har 1120 soldatar mist livet, og dette talet inkluderer ulukker og andre dødsårsaker.
Amerikanske talsmenn sa i går at dei førebudde eit kraftig angrep på Falluja og Ramadi. Det blir meldt at amerikanske krigsfly og artilleri i heile dag har skot mot mål i Falluja.
Sju irakarar skal vere drepne, og 14 skadde i kampar sørvest for Bagdad i dag, melder Reuters. Nokre av dei skal ha vore sivile som kom i krysseld mellom dei amerikanske soldatane og opprørarar.