NRK Meny
Normal

Startar opp att katastrofe-fabrikk

Den ungarske aluminiumsfabrikken som var kjelda til giftutsleppet som til no har kravd ni menneskeliv, startar opp att produksjonen i slutten av veka.

Til no har ni personar omkomme som følgje av det katastrofale giftutsleppet frå ein fabrikk i Ajika, vest i Ungarn den 4. oktober.

Dei ungarske ministrane besøkte onsdag Kolontar, ein av landsbyane som er hardast råka av miljøkatastrofen.

– Føremålet med besøket var å undersøkje tiltak for å hindra framtidige utslepp, seier ein talsmann for Ungarns statsminister, Viktor Orban, til nyheitsbyrået AFP.

Samstundes kunngjorde leiaren av kriseteamet, Gyorgy Bakondi, at produksjonen ved fabrikken Ajkai Timfoldgyar vil starta opp att førstkommande torsdag eller fredag.

– Lekkasjen tetta

Tibor Dobson ved Ungarns kriseberedskap har tidlegare uttalt til AFP at giftlekkasjen frå aluminiumoksid-fabrikken vest i Ungarn no er tetta, og at det ikkje er fare for liknande utslepp i framtida.

– Det nye systemet med demningar er oppe og går. Det vil ikkje skje fleire slike katastrofar, seier han.

Fabrikk-sjef i varetekt

I tillegg til ni omkomne, er også kring 150 personar skadde som følgje av giftslam-lekkasjen. 45 av desse får framleis behandling på sjukehus.

Styresmaktene i Ungarn tok nyleg over kontrollen av aluminiumsselskapet MAL Zrt, som eig fabrikken der lekkasjen skjedde. Sjefen for selskapet blei måndag varetekstfengsla i 72 timar og brakt inn til avhøyr.

Onsdag skal ein regional domstol i Vezprem ta stilling til om varekten skal forlengast for den sterkt kritiserte direktøren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt