Ifølgje opplysningar frå politiet omkom åtte fallskjermhopparar og ein pilot i ulykka. Den andre gangen på to år.
Flyet styrta rett etter avgang frå flyplassen i Örebro og begynte å brenne.
– Vi såg det ikkje var noko liv å redde, seier redningssjef Peo Staberyd i pressekonferansen fredag morgon.
Den siste meldinga flytårnet fekk frå piloten var kor mange som var ombord.
– Kan du sjekke din transponder, spurte flytårnet piloten klokka 19.21, kort tid etter det blei stille.
Transponder er et svaranlegg som består av mottakar og sender. Dei sender automatisk ein kode mellom flytårn og fly.
Om dei ikkje kan bruka radiokommunikasjon, brukar pilot transponderen til å senda ein kode til flytårn om problem med flyet. Til dømes, koden 7700 betyr nødsituasjon.
«Kalle Kalle David» er kallenamnet til flyet, etter kjennemerket SE-KKD.
Meldinga om havariet kom like før klokka 19.30 torsdag kveld. Flyet låg på ei av landingsbanene, skriv Expressen.
– Vi har førebels ingen mistankar om at det var noko kriminell handling som forårsaka ulykka, men vi jobbar med å undersøka alle moglege hendingsforløp, seier Regionsjef i Örebro, Niclas Halgren.
Var 50 til 100 meter over bakken
Peter Swaffer er sjef for sivil luftfart ved den svenske Statens havarikommisjon. Han kom på åstaden for ulykka ved 23-tida.
Han seier det førebels er umogleg å seie kva det er som har hendt, men opplyser om at det blir gjort intervju med vitne og undersøkingar på staden. Samtidig bekreftar han at ulykka skjedde rett etter letting.
– Det var ikkje lenge etter start, framleis inne på flyplassområdet. Eg har ikkje fått noko presist tal, men flyet kom omtrent 50–100 meter over bakken, seier han til Expressen.
Flyet begynte å brenne då det styrta, nokre få hundre meter frå flyplassen i Örebro.
Foto: Jeppe Gustafsson / Tt Nyhetsbyrån / NTBFlymodell knytt til 70 dødsfall dei siste ti åra
Flyet var innleigd for eit arrangement i regi av den lokale fallskjermklubben. Det er av typen «DHC-2 Turbo Beaver», ifølgje den svenske havarikommisjonen.
Det norske luftfartstilsynet opplyser om at slike fly ikkje blir nytta i Noreg, men at det blir regna som ein av dei tryggare flytypane.
Ifølgje det svenske luftfartøyregisteret blei akkurat dette flyet produsert i 1966, og blei registrert i Sverige i 1989.
Flyet hadde godkjenning frå svenske myndigheiter til 2022.
Ifølgje Canadas luftfarts- og romfartsmuseum slutta produksjon av flymodellen i 1968.
Modellen har vore involvert i over 300 ulykker og 700 dødsfall, ifølgje Arkivbyrået for luftfartsulykker.
Dei siste ti åra har det vore 71 dødsfall knytt til flymodellen.
– Fallskjermklubben i Örebro hadde leigd det frå Skåne. Vanlegvis hoppar ein mest fallskjerm i helgene, men no hadde dei leigd eit fly for å hoppe meir intensivt gjennom heile veka, seier Anna Oscarson frå det svenske fallskjermforbundet.
Eit propellfly med åtte fallskjermhopparar og ein pilot om bord styrta like etter at det hadde teke av frå flyplassen i Örebro.
– Frykteleg at det skjedde igjen
I 2019 skjedde ei liknande ulykke. Eit fly med åtte fallskjermhopparar og ein pilot styrta i Umeå i Sverige. Alle ni omkom i ulykka.
– Det er frykteleg at det skjedde igjen. Vi gjer alt for at tryggleiken skal vera så god som mogleg, seier Anna Oscarsson, kommunikasjonsansvarleg i Svenska fallskärmsförbundet til Aftonbladet.
Ho presiserer at det er viktig å finna ut kva som forårsaka ulykka.
Flytryggingsekspert Hans Kjäll meiner regelverket for fallskjermhopp bær skjerpast.
Han er kritisk til at operatøren sjølv utfører tilsynet, som inneber at eit dokument blir fylt ut og sendt tilbake til tilsynsmynden.
– Det er ikkje pilotens skyld at regelverket ikkje holder. Viss du ser på resultatet med 18 omkomne på to år, er dette feil metode, seier Kjäll til nyheitsbyrået TT.
Propellflyet i Örebro skal ha begynt å brenne etter at det styrta rundt 200 meter frå rullebana, seier sjøredningsleiar Emil Gustavsson til nyheitsbyrået TT.
– Dette er ei svært alvorleg ulykke. Eit totalhavari. Vi har kalla inn alt personell vi kan få tak i, sa Lars Hedelin, som er pressetalsperson for politiet, til Aftonbladet då nyheita om ulykka vart kjend.
Dei første opplysningane gjekk ut på at minst to personar var køyrde til sjukehus med alvorlege skader.
Fleire ambulansar på veg inn til området der ulykka skjedde.
Foto: Per Karlsson / TT NYHETSBYRÅNUviss årsak: – Viktig å ikkje spekulere
Årsaka til at flyet styrta, er ikkje kjent, men politiet har innleia etterforsking.
– Vi har sett stab og kalla inn teknikarar, etterforskarar og anna personell som jobbar for fullt, seier Hedelin til Aftonbladet.
Örebro kommune har oppretta krisesenter for personar som treng hjelp etter ulykka.
– Vi handterer hendinga, seier Eva Barrera Glader i Örebro kommune til SVT.
Sjefinstruktør i Umeå fallskjermklubb i Sverige seier styreleiar er på staden i klubben for å snakke med bekymra medlemmar.
– Det er utruleg viktig at ein ikkje spekulerer i kva som har skjedd, men at ein tar vare på dei pårørande, seier Johan Hellström til SVT.
Politiet stadfestar at alle dei ni som var om bord i propellflyet som styrta, er omkomne i ulykka.
Foto: SVTTorsdag uttrykte Sveriges statsminister Stefan Löfven medkjensle på Twitter.
– Det er med stor sorg og redsle at eg i kveld har mottatt den tragiske informasjonen om flyulykka i Örebro. Eg tenkjer på offera, familiane deira og kjære i denne vanskelege tida. Eg vil uttrykkje mi djupaste medkjensle for deira sorg, skriv han.