Hopp til innhold

Ni brannfolk omkom då ei grotte kollapsa i Brasil

Under ei redningsøving raste taket i et grotte saman og ni brannfolk mista livet.

Grottekollaps i Brasil

Det er ikkje kjent kva som var årsaka til grottekollapsen, men det er meldt om kraftig regnvêr.

Foto: Politiet i Sao Paolo / AFP

Sju menn og to kvinner omkom då taket i grotta kollapsa og fanga dei inne, melder det lokale brannvesenet på Twitter.

Berre ein av dei ti som vart fanga i den samanraste hola, overlevde, melder avisa Oglobo.

Ulykka skjedde då ei gruppe på 26 sivile brannfolk deltok på eit treningsoppdrag i ei grotte i nærleiken av Altinópolis, 30 mil nord for São Paulo. Dei skulle trene på grotteredning i Dois Boca-grotta.

Vanskeleg redningsarbeid

Store ressursar deltok i redningsaksjonen, men kraftig regn og fare for nye kollapsar gjorde arbeidet utfordrande.

Fleire personar var lenge sakna. I 19-tida lokal tid meldte brannvesenet at alle var henta ut. Berre ein av dei ti som var sakna, vart redda ut i live.

Grottekollaps i Brasil

Det var vanskeleg for redningsfolka å komme fram til den avsidesliggande grotta.

Foto: Politiet i Sao Paolo / AFP

Fleire av dei som vart skadde i raset, vart frakta til sjukehus med brotskadar og kraftig nedkjøling. Alle skal ha blitt skrive ut av sjukehuset søndag, med unntak av ein som ligg innlagt på akuttavdelinga.

– Inngangen kollapsa

Mora til ein av dei som deltok i øvinga fortel at gruppa hadde planlagt å vere i grotta over natta.

– Det som skjedde er at inngangen til staden dei var på, kollapsa. Eg er desperat, sa ho ifølge GloboNews.

Altinópolis er kjent for sine grotter, som tiltrekker mange turistar til staden kvart år.

Ordføraren i byen, José Roberto Ferracin Marques, har erklært tre dagars landesorg etter ulukka.

SISTE NYTT

Siste nytt