Ikkje sidan 1. mai har det vorte registrert tilfelle av lokal smitte av koronaviruset i New Zealand. Søndag var òg den fjerde dagen på rad utan noko registrert smitte i det heile. Det skriv BBC.
Det er framleis 23 aktive tilfelle av korona i landet, som alle er isolerte. Desse har vorte smitta utanfor landet sine grenser.
Til saman har New Zealand registrert 1219 stadfesta smittetilfelle. 22 menneske har mista livet.
I eit land med ei befolkning på om lag 5 millionar gjev dette 314 smitta og 4 døde per million innbyggjar, ifølgje ei oversikt frå Worldometers. Dei same tala for Noreg er høvesvis 1772 og 47. For USA er dei 15.658 og 500.
– Må vere på vakt
New Zealand har altså førebels klart seg betre enn dei fleste gjennom pandemien. Helsedirektør Ashley Bloomfield åtvarar likevel innbyggjarane mot å tru at faren no er over.
– Vi har sett i andre land kor raskt viruset kan kome tilbake og spreie seg stader der det tidlegare var under kontroll. Vi må vere førebudde på å slå raskt ned på nye tilfelle i New Zealand, seier han.
Statsminister Jacinda Ardern er òg tydeleg på at viruset kan kome tilbake.
– 100 dagar er ein milepæl, men vi må uansett vere på vakt, seier ho.
Statsminister Jacinda Ardern og helsedirektør Ashley Bloomfield åtvarar om at smitten framleis kan kome tilbake til New Zealand.
Foto: Mark Mitchell / APStengde tidleg
New Zealand var raskt ute med omfattande tiltak for å få kontroll på smitten i landet. Allereie 3. februar stengde landet grensene for utlendingar som kom frå eller via Kina. Nyzealendingar som kom heim frå Kina måtte i karantene i 14 dagar.
Innreiserestriksjonane vart gradvis utvida, og 19. mars stengde landet grensene for nesten alle utanlandske statsborgarar.
25. mars stengde nesten heile samfunnet i New Zealand ned. Berre dei mest nødvendige tenestene var opne, og folk vart bedne om å halde seg heime. Landet har òg sidan starten av pandemien drive aktivt med testing og smittesporing.
Då samfunnet stengde ned var 102 personar registrert smitta i landet. Ingen hadde førebels døydd av viruset.
Tilbake til «normalen»
8. juni vart nesten alle restriksjonane i landet fjerna. Skular, barar og restaurantar opna att, og nyzealendingane kunne for det meste leve som normalt.
Innbyggjarane treng heller ikkje lenger halde avstand til kvarandre i det offentlege rom.
Gjenopninga kom etter 17 dagar utan nokon smittetilfelle. Sidan dette har 65 personar vorte registrerte som smitta, men dette har altså ikkje vore lokale tilfelle.
Grensene til landet er framleis stengde for utanlandske borgarar. Nyzealendingar som kjem heim frå utlandet må òg framleis i karantene i 14 dagar.
Sportsarrangement kan igjen gå for fulle tribunar i New Zealand. Her frå ein rugbykamp i midten av juni.
Foto: Joe Allison / AP