Hopp til innhold

– Om du ser vestover, kan du skimte Alaska

«One World Trade Center» begynner å rage i vêret på New York sin «skyline». I dag blir skyskraparen offisielt den høgaste bygningen i byen.

Sept 11 WTC Rebuilding «One World Trade Center»

Byggeplassen på Ground Zero med «One World Trade Center» i midten.

Foto: Mark Lennihan / Ap

«One World Trade Center», også kalla «Freedom Tower», blir hovudbygningen på «Ground Zero» i New York, der tvillingtårna til «World Trade Center» stod til 2001.

30. april 2012 når stålkonstruksjonen litt over 381 meter (1250 fot), som er nok til å slå høgda til taket på observasjonsdekket på «Empire State Building» i same by.

Dermed har New York fått ein ny meistrar i høgde.

Bygget blir 541 meter (1776 fot) når det blir ferdigstilt i slutten av 2013, byrjinga av 2014. Ifølgje havnemyndighetene i New York, som har samarbeidet med fleire i å sette i gang byggeprosjektet, vil bedrifter kunne flytte inn i bygget frå 2014 av.

– Dette bygget har kosta enormt mykje kapital, både økonomisk og emosjonelt. Når det står ferdig vil det vere det tryggaste, sikraste bygget i heile verda. Det skal bli ein arbeidsplass i verdsklasse, uttalte representantar frå havnemyndigheitene i New York under ein pressekonferanse frå tårnet i dag.

Symbolsk

«Freedom Tower»«One World Trade Center»

«One World Trade Center»

Foto: Barcroft USA/Bulls / Laurentiu Garofeanu

Høgda på det ferdige bygget skal symbolisere året 1779, då den amerikanske sjølvstendeerklæringa vart vedteken.

Teikna av arkitekten David Childs, skal det bli senter for minnesmerket, «Reflecting Absence», til minne om ofra for terroråtaket på New York 11. september, 2001.

Bygginga starta i 2006. I 2007 begynte konstruksjonen å vise seg over bakken, og i 2013 blir den klar for innflytting, 12 år etter terroråtaket.

– Dette byggverket er eit symbol på fridom og stoltheit. Og det å bygge denne bygningen har vore meir enn ein jobb for denne gjengen. Det har vore ein lidenskapeleg og patriotisk plikt, sa representantar frå havnemyndighetene.

Høgast ... eller?

Med sine 541 meter blir bygget det høgaste i USA når det blir ferdigstilt, og det tredje høgaste i verda, etter «Burj Khalifa» i Dei Sameinte Arabiske Emiratar og «Abraj Al Bait» i Saudi-Arabia.

Men takhøgda på «One World Trade Center» blir «berre» 417 meter, resten er eit spir på toppen.

Om ein ikkje reknar med spiret blir bygget 25 meter kortare enn «Willis Tower» (tidlegare «Sears Tower») i Chicago.

Til slutt blir det altså eit definisjonsspørsmål om kven som er høgast i landet der.

Men dei som står bak byggverket er ikkje i tvil.

– Om du strekk hals og ser vestover kan du skimte Alaska, sa ein av byggherrane under pressekonferansen i dag.

FREEDOM TOWER

Datagenerert bilete av det ferdige bygget.

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt