Hopp til innhold

– Ikkje legg dykk til å sova i denne stormen

Ordføraren i New Orleans åtvarar innbyggjarane mot å gå til sengs i natt. Ekstremvêr etter stormen «Lee» trugar hamnebyen, som førebur seg på sin største prøve sidan Katrina-katastrofen i 2005.

STORM-USA/GULF Residents pile sandbags in Lafitte

innbyggjarane i New Orleans førebur seg på katastrofevêr dei kommande dagane.

Foto: DAN ANDERSON / Reuters

Den tropiske stormen Lee kom søndag inn over delstaten Louisiana sør i USA med ein vindstyrke på 72 kilometer i timen. Det er godt under orkan-grensa på 120 kilometer i timen, men vêrprognosane tyder på at det vil hølja faretrugande mykje regn over delstaten dei kommande dagane.

– Ikkje legg dykk til å sova i denne stormen, er ordføraren Mitch Landrieu sin krystallklare bodskap til innbyggjarane i New Orleans.

Redde for ny Katrina-katastrofe

New Orleans er særleg sårbær, ettersom halve byen ligg under havnivået - kun beskytta av diker. Dikene skal kunne tola 25 millimeter nedbør i timen. I løpet av dei to neste dagane er det venta minst ein halvmeter med regn over delstaten.

Den berømte jazzbyen fryktar ei gjentaking av katastrofen i 2005, då orkanen Katrina meidde inn over byen med full styrke. Enorme vassmengder skylte inn over byen. Katrina kosta 1.500 menneske livet og påførte byen skadar for over 430 milliardar kroner, ifølgje NTB.

Frå Irene til Katia og Lee

USA har bokstaveleg talt vore i hardt vêr den siste tida. Orkanen «Irene» hadde knapt lagt seg før «Katia» og no «Lee» stormar inn mot kysten.

Det er venta at saktegåande Lee vil føra til enorme nedbørsmengder og flaum også i delstatane Mississippu, Alabama, Texas og delar av Florida. Både Louisiana og Mississippi har erklært unntakstilstand.

Søndag var 8000 husstandar i USA utan straum som følgje av stormen. Naudetatar og kriseberedskap står klare til å rykka ut. Styresmaktene bur seg på det verste, men håpar på det beste.

Det er førebels ikkje meldt om døde eller skadde i Louisiana, men ein 34 år gammal mann har drukna i uvêr på sjøen ved øya Galveston nær Texas, melder Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt