Hopp til innhold

Evan er fødd utan armar og bein – nettbrett forandra livet

Evan er fødd med alvorlege fødselsskadar, og få ville tru at han skulle få ein meiningsfull kvardag på skulen. Men ny teknologi, og ein smart vaktmeister, forandra livet hans.

Video 5c2717bb-db8b-4654-9c39-6d81d6101b99.jpg

KLIKK FOR VIDEO: Ved hjelp av denne fikse løysinga vart livet totalt forandra for vesle Evan.

Historia om den vesle guten frå Santa Fe i Texas har inspirert mange.

Evan vart fødd med alvorlege fødselsskadar, og hadde verken språk, armar eller bein då han byrja på skulen.

– Han kom til oss utan å vere i stand til å kommunisere. Me hadde ingen aning korleis han var intelektuelt sett, seier læraren hans, Meghan Lippert.

Men Evan lærar no meir enn nokon ville ha trudd var mogleg..

Takka vere smart teknologi, godhjerta sjukehustilsette, og ein vaktmeister på skulen, med ein veldig smart idé.

Når mora til Evan først brakte han til skulen, måtte lærarane finne ut korleis dei skulle tilrettelegge undervisninga. Fødelsskadene gjorde at både armane og beina var sterkt deformerte, og han kunne nesten ikkje prate. Lærarane lærte han enkle ting, men han gav ikkje mykje svar, før dei viste han eit nettbrett.

– Han elska det

Men det var eit problem – utan hender eller føter kunne ikkje Evan ein gong bruke eit nettbrett. Så lærarane kalla vaktmeisteren på skulen, Sam Herrera.

– Eg sa til dei «gi meg ein time eller to, og eg skal fikse noko».

Han kom tilbake med ein skikkeleg MacGyver-løysing: ein baseball-cap, og ein digital penn. Evan begynte no å lære i ein fart han aldri før hadde gjort, og ifølgje mora vart han heilt forandra som person.

– Åh, han elska det. Han berre lyste opp, seier læraren hans.

– Det er heilt fantastisk å sjå kor mykje han får til. Det gjer at alle små trivielle problem i livet blir heilt ubetydelege.

Legar samla inn pengar

Men mora til Evan er ei aleinemor med to born, så ho hadde ikkje råd til ein iPad heime hos seg sjøl. Igjen vart Evan heldig.

Legane hans begynte å prate om ein innsamlingsaksjon. Dei klarte fort å samle inn nok pengar, ikkje berre for å kjøpe ein nettbrett til Evan, men også til mora.

Doktor Harald Pine ved det medisinske universitetet i Texas seier at han er imponert både over Evan og måten folk i nærmiljøet har stilt opp på.

– Mange av pasientane mine og dei tilsette på fakultetet, ja, til og med sjukepleiarane i operasjonssalen, har alle stilt opp for Evan når dei høyrte historia hans.

Slik er historia, om korleis ein liten gut brakte ein god dose livsglede til alle menneska rundt han.

SISTE NYTT

Siste nytt