Hopp til innhold

Netanyahu meiner palestinsk leiar fekk Hitler på tanken om jødeutrydding

Israels statsminister er i hardt vêr etter at han i ein tale sa at Hitler eigentleg ikkje ville utrydde jødane, men at ein muslimsk leiar i Jerusalem sette han på ideen.

Benjamin Netanyahu held ein tale i Jerusalem

Benjamin Netanyahu meiner at Adolf Hitler fekk ideen om å utrydde jødane frå Stormuftien i Jerusalem.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

I ein tale til Verdas Sionistkongress i Jerusalem fortalde Netanyahu i dag om eit møte mellom nazistleiar Adolf Hitler og Haj Amin al-Husseini, som var Jerusalems stormufti i 1941 og dermed ein av dei øvste leiarane i det dåverande Palestina. Dei to leiarane hadde kontakt med kvarandre fleire gonger i 1930- og 1940-åra.

Stormuftien er ein embetsperson som er høgast rangert innan det religiøse rettsstell i eit sunnimuslimsk land.

Netanyahu: – Brenn dei, sa muftien.

– Hitler ville ikkje utrydde jødane på det tidspunktet, han ville fordrive jødane, sa Netanyahu til dei frammøtte. Den israelske avisa Haaretz og britiske The Guardian er blant avisene som skriv om talen.

Ifølgje Netanyahu skal Haj Amin al-Husseini ha sagt til Hitler at jødane ville kome til Palestina om Hitler berre fordreiv dei.

Hitler skal så ha spurt al-Husseini kva han skulle gjere med jødane, og fått til svar at han burde brenne dei, seier Netanyahu i den omdiskuterte talen.

SJÅ YOUTUBE-KLIPP FRÅ NETANYAHU SIN TALE:

Israelsk holocaustekspert: – Uriktige påstandar

Talen har skapt sterke reaksjonar. Leiaren ved det statlege israelske holocaustsenteret i Jerusalem, Yad Vashem, viser til at påstandane er uriktige, sjølv om muftien støtta Hitler sine planar.

– Sjølv om han hadde særs ekstreme antijødiske haldningar, så var det ikkje muftien som gav Hitler ideen om å utrydde jødane, seier sjefshistorikar Dina Porat til nyheitsbyrået AFP.

Fleire historikarar seier påstandane er ukorrekte, og den israelske opposisjonsleiaren Isaa Herzog meiner utsegna bidreg til å bagatellisere holocaust.

Netanyahu: – Vil ikkje frikjenne Hitler

Også den palestinske politikaren Saeb Erekat, som har hatt ei sentral rolle i fredsforhandlingane mellom Israel og Palestina, er kritisk til utsegna og meiner dei bidreg til å frikjenne Hitler.

– Det er ein trist dag når leiaren for ei israelsk regjering hatar naboen sin så mykje at han er villig til å frikjenne historia sin verste krigsforbrytar, Adolf Hitler, for drapa på seks millionar jødar gjennom Holocaust, seier Erekat i eit utsegn, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Netanyahu seier på si side at han ikkje hadde planar om å frikjenne Hitler, men derimot få fram at «den Palestinske nasjonens far ville utrydde jødane, sjølv utan okkupasjon».

Utsegna frå Netanyahu kjem etter fleire veker med uro i Israel og Dei palestinske områda. FN-sjef Ban Ki-moon møtte Netanyahu i går og bad israelske og palestinske leiarar om å snakke saman og bidra til at uroa minskar.