Hopp til innhold

Netanyahu har funne støtte til ny regjering

Statsminister Benjamin Netanyahu har sikra seg eit fleirtal i Knesset til å danne ny regjering. Det melder presidentens kontor.

Benjamin Netanyahu i valgkampen

Han vann valet førre veke. No har Benjamin Netanyahu skaffa seg fleirtal i Knesset, og kan halde fram som Israels statsminister.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Benjamin Netanyahu og hans parti Likud gjekk sigrande ut av valet i Israel førre veke. Det var lenge knytt spenning til om opposisjonsleiaren Yitzhak Herzog kunne gå av med sigaren, men dei siste dagane drog Netanyahu frå.

67 av 120 støtter ny regjering

No har Israels statsminister sikra seg fleirtal til å sitte nok ein periode som leiar for landet. Og det gjer han med eit klart fleirtal i nasjonalforsamlinga Knesset, etter å ha fått støtte av partiet Yisrael Beitenu, partiet til utanriksminister Avigdor Lieberman.

Dermed får han støtte frå 67 av dei 120 parlamentsmedlemmane.

Dagen etter valet i Israel sa opposisjonsleiar Herzog at han ikkje hadde planar om å bidra til ein storkoalisjon i Israel ved å støtte Netanyahu si regjering, men Netanyahu har likevel klart å danne ei regjering.

Partia som kjem til å danne Israels nye regjering finn seg for det meste langt ute til høgre på den politiske skalaen, og fleire er sterkt kritiske til Palestina.

Støtte frå høgre fløy

I tillegg til Netanyahus Likud er det «Torah-partiet», høyrefløypartiet «Jødisk Heim», det arabisk-kritiske partiet «Yisrael Beitenu», det ultra-ortodokse partiet «Shas» og det nye «Kulanu»-partiet som dannar ny regjering i Israel.

Netanyahu kom med fleire utspel dagen før valet, der han tok steg for å tekke veljarar på ytre høgre fløy. Han sa mellom anna at det ikkje vert aktuelt med nokon palestinsk stat så lenge han er statsminister i Israel.

Det vekka reaksjonar, mellom anna hos Israels allierte i USA. Han har seinare snudd og seier at ei tostatsløysing kan bli realitet.

SISTE NYTT

Siste nytt