Netanyahu beklagar drepne på Gaza-skip

Den israelske statsministeren beklaga i ein samtale med den tyrkiske statsministeren at tyrkiske aktivistar mista livet då israelske soldatar aksjonerte mot eit skip på veg mot Gazastripa i 2010.

Barack Obama, Benjamin Netanyahu og Shimon Peres

Presidenten i USA Barack Obama saman med Israels statsminister Benjamin Netanyahu og Israels president Shimon Peres under ein avskjedsseremoni i Jerusalem fredag

Foto: JASON REED / Reuters

Tyrkias statsminister Tayyip Erdogan skal ha godteke orsakinga frå Netanyahu, og Netanyahu seier at han og Erdogan er einige om å ta opp att forbindelsane på høgste nivå og i full breidde.

Den israelske aksjonen i 2010 førte til at dei diplomatiske forbindelsane mellom Israel og Tyrkia vart svært kjølige.

Kravde 18.000 års fengsel

Påtalemakta i Tyrkia kravde under rettssaka i fjor heile 18.000 års fengsel for fire israelske offiserar etter bordinga av skipet «Mavi Marmara».

Tyrkia har tidlegare gjort det klart at ei formell orsaking frå Israel, kompensasjon til offera og familiane deira i tillegg til ei oppheving av blokaden av Gaza-stripa er ein føresetnad for å få i gang dialogen igjen.

Det var president Barack Obama som først kunngjorde at dei to hadde snakka saman før han forlét Israel fredag ettermiddag og reiste til Jordans hovudstad Amman.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt