Hopp til innhold

Nepals jordskjelv stansa år med krangel

Etter fleire år med ein fastlåst politisk situasjon har leiarane i Nepal endeleg blitt einige - og det er det tragiske jordskjelvet i april som blir brukt som forklaring.

Nepal demonstrasjoner

29. mars vart det demonstrert i Katmandu. Maoisttilhengjarar var misnøgde med at avtalen aldri kom på plass, men etter jordskjelvet den 25. april så har partane likevel klart å finne harmonien og bli einige.

Foto: PRAKASH MATHEMA / Afp

– Jordskjelvet motiverte oss til å jobbe saman, seier Nepals informasjonsminister Minendra Rijal, til nyheitsbyrået AFP, og legg til at avtalen som no er signert er eit stort gjennombrot, og at det no finst ein vilje i landet til å få ting gjort.

Betent grensespørsmål

Dei nepalske politikarane har blitt einige om eit utkast til nye nasjonale vedtekter som skulle på plass etter at fleire tiår med maoist-opprør.

Jordskjelvet i Nepal

Jordskjelvet delte mykje i to, men politikken i Nepal vart sameint av naturkatastrofen.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Opprøret kosta rundt 16.000 menneskeliv og varte frå 1996 til 2006. Sidan freden kom har det blitt jobba med eit utkast til ein avtale om ny grunnlov, men det har vist seg å vere vanskeleg å bli einige – fram til no.

For no kan det sjå ut til at det er funne ei løysing på det mest betente spørsmålet, nemleg inndelinga av provinsar i Nepal.

Åtte nye provinsar

Maoistpartiet har hatt eit ønske om at dei nye provinsane skal bli delte inn på ein måte som favoriserer marginaliserte lokalsamfunn, medan andre parti har meint at det vil splitte og truge det nasjonale samarbeidet.

Den nye avtalen fører til at landet no vil bli delt opp i åtte nye provinsar. Men det er framleis ikkje heilt klart kor provinsgrensene kjem til å gå.

Avtalen må vel å merke bli godkjent av to tredjedelar av det nepalske parlamentet før den er ein realitet, men det er venta at prosessen vil vere i mål i juli.

– Endra seg etter det første skjelvet

I Nepal er mange letta over at avtalen er på plass, og det er jordskjelvkatastrofen som får æra for den plutselege politiske harmonien.

– Alle var metta og leie av dei politiske partia, og folk trudde aldri at grunnlova ville komme fordi dei aldri klarte å bli einige om noko som helst, seier avisredaktøren Guna Raj Luitel til nyheitsbyrået AFP.

– Men etter det første jordskjelvet, så endra ting seg. Fleire parti såg ut til å forstå at dei måtte jobbe saman for å bygge opp att landet, seier han.

Jordskjelvet tok over 8.700 menneskeliv, og øydela mykje av infrastrukturen i Nepal. Men jordskjelvet klarte altså å endre på Nepals landegrenser også, og samstundes skape ro for Nepals politikk.

SISTE NYTT

Siste nytt