To tiltalte nektar straffskuld for gjengvaldtekt i India

To av mennene som er tiltalte for valdtekt og drap på ei 23 år gammal indisk kvinne, nektar straffskuld for alle tiltalepunkta.

Advokt M. L. Sharma skal forsvare voldtektstiltalt

- Det finnest ingen bevis mot klientane mine, seier forsvararen M. L. Sharma.

Foto: Reuters

Dette seier advokaten til dei to, M.L. Sharma, som legg til at det ikkje ligg føre bevis mot hans klientar for noko som helst.

Indiske studentar protesterer mot valdtekter.

Det har vore mange demonstrasjonar mot valdtekt i India sidan 16. desember,

Foto: Anupam Nath / Ap

– Dei vil seie seg ikkje skuldige på alle punkt. Det finst ikkje bevis, seier han til nyheitsbyrået AFP.

Valdteken av fleire menn

Det var 15. desember i fjor at 23-åringen vart valdteken av fleire menn i ein buss i New Delhi. Ho døydde seinare av skadane på eit sjukehus i Singapore, dit ho vart sendt for å få hjelp av spesialistar.

Dei første vekene etter den brutale valdtekta var det ingen indiske advokatar som ville ta på seg å forsvare dei seks mennene som er tiltalte i saka. Fem av dei møter for ein hurtigdomstol i New Delhi, medan den sjette, som er under 18 år, møter for ein ungdomsdomstol.

I går gjekk M. L. Sharma ut og sa at han var beden av familiane til to av dei tiltalte om å forsvare dei i rettssaka .

Fluktsikkert fengsel

Demonstrasjoner i India mot vold mot kvinner

Særleg kvinner har vore aktive i demonstrasjonane mot valdtektene.

Foto: NOAH SEELAM / Afp

Dei fem tiltalte som no møter for retten er i alderen 19 til 35 år, og dei er alle heimehøyrande i eit slumområde i New Delhi. Dei er varetektsfengsla i Tihar-fengselet, som skal vere det mest fluktsikre i den indiske hovudstaden.

Tenestemenn i fengselet stadfestar overfor AFP at advokaten M.L. Sharma har møtt to av dei tiltalte i fengselet i dag. Indisk politi har tidlegare sagt at dei har DNA-spor som knyter dei tiltalte til valdtekta, men Sharma seier at politiet sine bevis ikkje held mål.

Dei fem møtte i eit lukka rettsmøte i går, og det neste rettsmøtet finn stad førstkomande torsdag. Dette møtet vil også bli halde for lukka dører. Alle risikerer dødsstraff om dei blir funne skuldige etter tiltalen.

LES OGSÅ: – Hun skulle ha ropt Guds navn og bedt om nåde

LES OGSÅ: Flere indiske kvinner skaffer seg våpen og lærer selvforsvar

Store demonstrasjonar

Den brutale valdtektssaka har vekt enorm harme i India. Det har nesten dagleg vore store demonstrasjonar med krav om dødsstraff mot dei seks tiltalte i saka. Det har vore retta sterk kritikk mot indisk politi for deira måte å etterforske valdtektssaker generelt og i denne saka spesielt.

Før helga gjekk kjærasten til den valdtekne kvinna, som var saman med henne då ho vart utsett for ugjerningane, ut med kraftig kritikk av både forbipasserande som ikkje ville hjelpe dei, og av politiet.

En politimann holder vakt under et rettsmøte i India

Ein politimann held vakt utanfor rettslokalet i New Delhi der fem av dei tiltalte møtte måndag.

Foto: ADNAN ABIDI / Reuters


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt