Hopp til innhold

Musharraf får ikkje delta i parlamentsvalet i Pakistan

Pakistans tidlegare diktator Pervez Musharraf får ikkje delta i parlamentsvalet i landet 11. mai.

Pervez Musharraf prøver på eit politisk comeback.

Tidlegare president og militærsjef Pervez Musharraf får likevel ikkje delta i det pakistanske parlamentsvalet.

Foto: B.K. Bangash / Ap

Den pakistanske valkommisjonen seier at Musharraf ikkje får delta i valet fordi det er reist saker mot han i domstolane. Han er tiltalt i to drapssaker, og høgsterett vurderer om han skal tiltalast for høgforrederi.

Støttespelarar til Pervez Musharraf.

Ein av tilhengjarane til Pervez Musharraf utanfor høgsterett under ei høyring tidlegare denne veka.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Ei av sakene som retten vurderer hans rolle i, er drapet på dåverande statsminister Benazir Bhutto i 2007 og drapet på ein mektig stammeleiar i delstaten Baluchistan. Sjølv seier Pesharraf at sakene mot han er grunnlause og politisk motiverte.

Vil anke til høgsterett

Det skal ikkje vere mogleg for den tidlegare presidenten å anke avgjerda, seier ei kjelde i valkommisjonen til nyheitsbyrået Reuters.

Advokaten hans seier likevel at Musharraf vil anke avgjerda til høgsterett. Observatørar trur likevel ikkje det er mykje å hente for han der. Musharraf prøvde utan helle å fjerne mannen som no er leiar for høgsterett frå stillinga då han var president.

Musharraf, som tok makta i eit militærkupp i 1999 og sat som president til 2008, kom sist månad tilbake i Pakistan frå eit fire år langt sjølvpålagt eksil i London og Dubai.

- I strid med grunnlova

Benazir Bhutto

Musharraf blir blant anna skulda for å ha vore delaktig i drapet på tidlegare statsminister Benazir Bhutto.

Foto: MIAN KHURSHEED / REUTERS

Partiet hans tapte valet i 2008, og høgsterett avgjorde at presidenten hadde innført unntakstilstand i strid med grunnlova. Med ein trussel om eit mogleg riksrettssak mot seg reiste han frå landet

Pakistanske styresmakter sa på førehand at han risikerte å bli arrestert når han kom tilbake, og den islamistiske opprørsgruppa Taliban sa dei ville ta livet av han.

Pervez Musharraf har framleis mange tilhengjarar i hæren, og mange fryktar at hæren skal gripe inn dersom Musharraf blir arrestert eller dømd.

LES OGSÅ: Musharraf vil gjøre comeback

LES OGSÅ: Sperrer gatene med containere for å stoppe demonstranter

Demokratisk test

Når denne regjeringsperioden i Pakistan går ut, er det første gong at ei sivil, demokratisk valt regjering har blitt sitjande i heile valperioden. Dette etter fleire tiår med militærdiktatur i landet.

Parlamentsvalet i mai blir sett på som ein test om det blir mogleg å vidareføre dette i neste fireårsperiode.

Pervez Musharraf har sett parlamentsvalet i mai som ein måte å kome tilbake til pakistansk politikk. Ironisk nok er tidlegare statsminister Nawas Sharif, som Musharraf avsette i kuppet i 1999, favoritt til å bli ny statsminister i landet.

Video tatt like etter angrepet.

Sjølvmordsaksjon mot valmøte i Peshawar

Mange drepne på valmøte

Det er likevel stor frykt for at valkampen skal bli prega av vald. Tysdag vart 20 menneske drepne i valuro fleire stader i Pakistan. 16 vart drepne og 35 såra i eit bombeangrep mot eit valmøte i byen Peshawar i den nordvestlege delen av landet.

LES OGSÅ: Risikerer dødsstraff for terror

LES OGSÅ: Syv tiltalt for drapet på Bhutto

SISTE NYTT

Siste nytt