Hopp til innhold

Nektar ansvar for flyktningkrisa

Først då ordet «rohingya» vart utelate frå invitasjonen, aksepterte representantar frå Myanmar å kome til dagens møte i Bangkok der ein skal diskutere flyktningkrisa i Indiahavet.

Htin Lynn

VIL IKKJE VERE SYNDEBUKK: Htin Lynn, Myanmar sin delegasjonssjef, meiner landet hans ikkje har særskilt ansvar for flyktningkrisa.

Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / Reuters

– Når det gjeld illegal migrasjon kan de ikkje skilje ut mitt land, sa Myanmar sin delegasjonssjef Htin Lynn om det han meiner er fingerpeiking frå det internasjonale samfunn.

Myanmar er saman med resten av dei involverte landa, samt andre Asean-land, USA og

Møte i Bangkok om migrasjon

PRØVAR Å FINNE EI LØYSING: 17 land møttest i går og i dag i Bangkok for å diskutere flyktningkrisa i regionen.

Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / Afp

FN samla i Bangkok for å diskutere det som vert omtalt som ei flyktningkatastrofe i Søraust-Asia. Flyktningar frå Bangladesh og Myanmar har i tusental prøvd å ta seg sjøvegen til Thailand, Malaysia og Indonesia.

Sjølv om ein stor del av båtflyktningane kjem frå den utsette muslimske ronhingya-minoriteten i Myanmar, nektar myndigheitene at dette er tilfelle, og meiner det er snakk om illegale migrantar frå Bangladesh.

2600 framleis til sjøs

Mange er kome i land, men FN anslår at 2600 framleis er på sjøen. USA har sett inn overvakingsfly for å finne nokre av desse, men har så langt berre funne ein båt, ifølge Pentagon. Dei har så langt flydd frå Malaysia, men i dag ga Thailand løyve til at dei også kan fly herfrå.

Den maaysiske marinen har sett i gang ein leite- og redningsaksjon

LEITAR: Den malaysiske marinen har sett i gang ein leite- og redningsaksjon. Amerikanske fly deltek også.

Foto: MANAN VATSYAYANA / Afp

Thailand har den siste månaden slege hardt ned på eit nettverk av menneskesmuglarar, og det er avdekka fleire massegraver både i Thailand og Malaysia. Ei rekke lokale politifolk er mistenkt for å vere involvert i menneskehandelen.

– Medan vi vil prøve å hjelpe dei som treng det må vi stanse straumen av illegale migrantar og kjempe mot transnasjonal kriminalitet og øydelegge nettverka deira, sa Thailand sin utanriksminister under opninga av møtet.

Fredag opplyste visestatsminister General Tanasak Patimapragorn at dei no har 600 «båtmenneske» mellombels plassert. Thailand har så langt gitt humanitær hjelp, men ikkje gitt dei ankomne flyktningar ly i særleg grad. Malaysia og Indonesia har etter kvart sagt ja til å huse flyktningane i opp til eit år, men ber tredjeland som Australia og USA om å ta meir ansvar.

Myanmar må ta ansvar

I tillegg til dei kortsiktige løysingane ber USA og FN sin høgkommissær for flyktningar om at ein må ta tak i årsakene til at menneske legg ut på sjøen, og at Myanmar må endre haldninga si til rohingya-folket, som i fleire tiår har vorte undertrykt og forfulgte.

– Dette krev at Myanmar tek ansvar for innbyggarane sine. Å gi dei statsborgarskap er det ultimate målet. I mellomtida bør ein anerkjenne at Myanmar er deira land og dei bør umiddelbart gi dei tilgang til grunnleggande rettar og identitetspapir, sa Volker Turk, assisterande høgkommissær for flyktningar

SISTE NYTT

Siste nytt