Omar Karameh lovde i dag å setje saman ei nasjonal einskapsregjering. Han gjorde det klart at dette er einaste måten å løyse problema Libanon står over for, og at han vil starta samtalane med opposisjonen alt i dag.
Opposisjonen nektar å godta Omar Karameh som statsminister. (Foto: AFP/Scanpix)
Stikk
Og han kom med eit stikk til opposisjonen: Dei som ikkje vil vere med i ei nasjonal einskapsregjering, må også bere ansvaret for at det ikkje lukkast.
Opposisjonen kom raskt med svaret: Dei godtek ikkje Omar Karameh som sjef for ei ny regjering. Dermed basta.
Demonstrasjonar
Karameh trekte seg som statsminister 28. februar, etter store demonstrasjonar i Beirut som kravde regjeringa sin avgang.
Demonstrasjonane starta etter at tidlegare statsminister Rafiq Hariri og 17 andre vart drepne i eit bombeattentat i Beirut 14. februar. Det var truleg eit sjølvmordsangrep, men det er framleis uklart kven som stod bak.
Demonstrantane i Beirut har skulda både den pro-syriske regjeringa og Syria for å ha utført attentatet mot den populære eks-statsministeren.
Tilbaketrekking
Etter eit par veker med store demonstrasjonar i Beirut gjekk Omar Karameh av 28. februar. Demonstrantane kravde, i tillegg til at regjeringa skulle gå, at alle syriske soldatar og etterretningsfolk skulle trekkjast ut av landet.
Dette førte til ein avtale om at dei syriske soldatane i første omgang skulle flytte seg til Bekaa-dalen nærmare grensa til Syria. Innan ein månad skal det avgjerast når dei skal trekkjast heilt ut.
Tysdag denne veka arrangerte den ytterleggåande sjiamuslimske geriljaorganisasjonen Hizbollah, som er støtta av Iran og Syria, ein gigantisk demonstrasjon i sentrum av Beirut til støtte for syrisk nærvær i Libanon.
Mobilisering
Mellom 300.000 og 400.000 menneske deltok i demonstrasjonen, som var ei langt større mobilisering enn opposisjonen sine anti-syriske markeringar.
Dette er nok ei medverkande årsak til at president Emile Lahoud tek sjansen på å renominere Omar Karameh som statsminister. Demonstrasjonen viste tydeleg at Libanon er eit splitta folk.
Politiske observatørar i Libanon fryktar at motsetnadene frå den nesten 30 år gamle borgarkrigen i landet, skal blusse opp igjen.
Tilhengjarane av syrisk nærvær i Libanon meiner dei syriske soldatane trengst i landet for at ikkje konfliktene frå borgarkrigen skal blusse opp igjen.
Hizbollah seier på si side at dei syriske soldatane trengst i Libanon for å forsvare landet mot Israel.
Internasjonalt press
Det har vore sterkt internasjonalt press på Libanon og Syria for at dei syriske styrkane skal trekkjast ut. Både FN, EU, USA, Saudi-Arabia og fleire andre har kravd fulle tilbaketrekking straks.
FNs spesialutsending til Midtausten, nordmannen Terje Rød-Larsen, skal møte Syrias president Bashar Assad i Damaskus for å overlevere ei oppmoding frå generalsekretær Kofi Annan om tilbaketrekking frå Libanon, og om ein tidsplan for tilbaketrekkinga.
Terje Rød-Larsen skal også møte libanesiske leiarar. Før dette hadde han i dag samtalar med Egypts president Hosni Mubarak i badebyen Sharm el Sheikh på Sinaihalvøya i Egypt.
Terje Rød-Larsen møtte Hosni Mubarak i Sharm el Sheikh i dag. (Foto: AFP/Scanpix)