Hopp til innhold

Nektar å godta Fogh Rasmussen

NATO-leiarane greidde i kveld ikkje å bli samde om å utnemne danske Anders Fogh Rasmussen til ny generalsekretær.

Recep Tayyip Erdoğan

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan vil ikkje ha Fogh som NATO-topp

Foto: Ibrahim Usta / AP

Samtalane skal halde fram laurdag, melder nyheitsbyrået Reuters og siterer diplomatiske kjelder.

Det er særleg Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan som har store problem med å godta den danske statsministeren som ny toppsjef i forsvarsalliansen.

Erdogan meiner Fogh ikkje er ein god nok kandidat.

Anders Fogh Rasmussen

Tyrkisk skepsis mot Anders Fogh Rasmussen.

Foto: THORKILD AMDI / AP

- Eg tvilar på hans evne til å bidra til verdsfreden, sa Erdogan tidlegare i dag.

Det synest klart at Fogh Rasmussen si rolle i kaikaturstriden og den danske motstanden mot tyrkisk medlemskap i EU, er viktige årsaker til Erdogans motstand.

I dag trekte han også fram det faktum at den kurdiske TV-stasjonen Roj sender frå Danmark.

- Vi vil ikkje ha eit svekt NATO. NATO er ein organisasjon som har som oppgåve å sikre fred. Men talerøyret for ein terrororganisasjon sener frå Danmark. Korleis kannokon som ikkje set ein stoppar for dette, sikre fred, spør Erdogan.

LES OGSÅ: Tyrkia avviser Fogh Rasmussen

SISTE NYTT

Siste nytt