Det internasjonale atomenergibyrået IAEA foreslo i dag at Iran skulle vente ei veke med å setje i gang igjen arbeidet ved atomanlegget i byen Isfahan, som har vore forsegla av byrået.
Dette blir i dag altså avvist av styresmaktene, som seier dei håpar at arbeidet kan setjast i gang alt i dag. Ein talsmann for det iranske atomprogrammet seier at avgjerda om å starte opp igjen arbeidet ikkje kan endrast, men tok opp att at arbeidet kan skje under overvaking frå IAEA.
Irans nye president Mohammad Ahmadinejad vart i dag innsett av den mektigaste mannen i landet, ayatolla Ali Khaminei. (Foto: Reuters/Scanpix)
IAEA seier på si side at vil ta minst ei veke å få sendt overvakingsutstyr til det iranske anlegget.
Dette skjer samstundes med at Irans nye president Mohammad Ahmadinejad vart innsett. Han har ikkje uttalt seg om atomprogrammet, men sa i innsetjingstalen sin at han vil arbeide for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.
Under innsetjingstalen vart den nye presidenten stadig avbroten av offentlege tenestemenn som ropte "Død over USA" og "Død over Israel".
Iran seier at landet sitt atomprogram berre har fredelege føremål, og avviser skuldingar om at dei prøver å skaffe seg atomvåpen.
Ein amerikansk ekspert sa i går at det vil ta 10 år før Iran vil vere i stand til å skaffe seg atomvåpen. Tidlegare har israelske ekspertar sagt at Iran kan skaffe seg atomvåpen i løpet av få månader.
Det er frykt for at Israel kan gå angrep på iranske atomanlegg for å prøve å stanse atomprogrammet. Israel er overtydd om at Iran prøver å skaffe seg atomvåpen, og har gjort det klart at dei vil gjere alt for å hindre dette.
Iran godtek ikkje den israelske staten, og går inn for at landet må øydeleggjast.