Styresmaktene i Indonesia har bede alle som bur i nærleiken av den aktive vulkanen om å evakuere området, men berre rundt 600 av dei rundt 14.000 som bur i fareområdet har reist.
Styresmaktene slit med å få folk til å reise frå vulkanområdet. (Foto: AP/Scanpix)
Sist vulkanen Merapi hadde eit utbrot, i 1994, miste 60 menneske livet. I eit utbrot i 1930 omkom 1300 menneske.
Vulkanen har spydd ut tung røyk i nesten ei heil veke, og ekspertar seier at sjansen er stor for eit omfattande utbrot i slutten av denne månaden. Men mange av innbyggjarane i landsbyane under vulkanen fryktar at dei vil misse alt dei eig om dei reiser no.
Andre, særleg eldre menneske, seier dei heller vil døy på si eiga jord enn å evakuere.
- Ærleg talt, det er vanskeleg å få folk til å reagere, fordi dei er så opptekene med sine daglege gjeremål, seier Susilo Purwanto. Han har ansvaret for regjeringa sitt program for overlevande etter naturkatastrofar.
Farenivået for utbrot er sett til det nest høgste nivået, oransje.
Desse kvinnene er blant dei som friviljug har reist frå vulkanområdet. (Foto: Reuters/Scanpix)