Hopp til innhold

– Uklokt med sakkunnige frå Sverige eller Danmark

Svenske og danske rettspsykiatrar kjenner det norske systemet for dårleg til å kunne laga ein ny sakkunnig-rapport om Anders Behring Breivik, meiner norske ekspertar. Uproblematisk, svarar danske og svenske fagfolk.

Rettspsykiatrane Kjell Noreik og Pål Grøndahl

Dei erfarne rettspsykiatrane Kjell Noreik og Pål Grøndahl er usamde i påstandane om at Noreg må henta inn sakkunnige frå utlandet dersom Oslo tingrett ber om ein ny rettspsykiatrisk rapport av Anders Behring Breivik.

Foto: Arild Gimse / NRK

Harald Stabell

Harald Stabell meiner det ikkje er fleire habile norske rettspsykiatrar att som kan ta på seg rolla som sakkunnige dersom retten ber om ei ny Breivik-vurdering.

Foto: NRK

Fleire advokatar, psykiatrar og psykologar meiner det rettssakkunnige miljøet i Noreg er lite og forureina av striden om Breivik-rapporten. Oslo tingrett må difor over landegrensa for å henta inn habile sakkunnige, dersom dei førstkommande fredag ber om ein heilt ny rettspsykiatrisk rapport, ifølgje advokat Harald Stabell.

Han foreslår rettspsykiatrar frå nabolanda Sverige eller Danmark. Dette er norske rettspsykiatrar svært skeptiske til.

– Det er viktig at det er norske sakkunnige som undersøkjer Breivik. Dei rettspsykiatriske reglane og forholda er forskjellige i dei skandinaviske landa. Ein må ikkje blanda inn ulik lovgjeving i ei sak som er problematisk nok som det er, seier Kjell Noreik, professor i sosialmedisin og spesialist i psykiatri.

– Må få minikurs i norsk strafferett

Noreik har 50 års erfaring som rettspsykiatar. Han får støtte frå ein annan tungvektar i faget, Pål Grøndahl.

– Rettspsykiatri er per definisjon ei nasjonal faggrein. Sakkunnige må kjenna og forstå norsk straffelov. Fagfolk frå utlandet må i tillfelle gå eit minikurs i norsk strafferett og norske utilreknelegheitsreglar. Det vil ta tid, og kan bli vanskeleg, påpeikar Grøndahl.

Ekspertane i Danmark og Sverige meiner på si side at dei fint vil kunne bistå i ei ny vurdering av sinnstilstanden til Breivik, dersom norske styresmakter ønskjer det.

Dorte Sestoft

Leiande overlege ved Rettspsykiatrisk Klinikk i Danmark, Dorte Sestoft.

Foto: Privat

– Lovgjevinga er ulik, men med litt tilpassing er det uproblematisk for danske rettspsykiatrar å utforma ein sakkunnig-rapport i Noreg, seier leiande overlege ved Rettspsykiatrisk Klinikk i Danmark, Dorte Sestoft.

Sestoft understrekar at ho uttalar seg om problemstillinga på generelt grunnlag.

Også leiaren for det svenske Rettsmedisinalverket i Gøteborg avviser at ulike reglar og prinsipp hindrar svenske fagfolk i å kunne bistå i Breivik-saka.

– Me jobbar jo på liknande vis og har kunnskap om rettspsykiatriske tradisjonar i dei andre skandinaviske landa, seier Peter Andiné.

rapport

Den eksisterande sakkunnig-rapporten konkluderer med at Anders Behring Breivik er paranoid schizofren og følgjeleg ikkje kan få fengselsstraff. Fleire bistandsadvokatar ber om ei ny vurdering av den terrorsikta.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Andre prinsipp i Danmark og Sverige

Noreg skil seg blant anna frå nabolanda ved å følgja «det medisinske prinsippet»,som seier at dersom gjerningspersonen var psykotisk på tidspunktet for den straffbare handlinga, skal han ikkje få straff.

Som dei fleste andre land, følgjer Danmark og Sverige «det psykologiske prinsippet», der ein må vurdera om den straffbare handlinga var eit resultat av ein psykotisk sjukdom.

I Sverige er dessutan ikkje «tilreknelegheit» eit omgrep som blir nytta i rettspsykiatrien.

Både Andiné i Sverige og Sestoft i Danmark peikar likevel på eit tett og godt nordisk samarbeid på det rettspsykiatriske området. Blant anna vert Nordisk Rettspsykiatrisk Symposium, skipa til i Lidingö utanfor Stockholm annakvart år.

Ingen av dei to kjenner til at rettspsykiatrar frå deira land har blitt nytta som sakkunnige i Noreg tidlegare.

– Dette blir i tilfelle ein heilt ny situasjon for oss, seier Andiné ved Rettsmedisinalverket i Gøteborg.

Avgjerd om ny rapport fredag

Breiviks diagnose som paranoid schizofren har vore gjenstand for krass debatt heilt sidan konklusjonen i sakkunnig-rapporten blei kjend i slutten av november. Mange er negative til at Breivik skal få straffefritak og i staden få behandling ved ein psykiatrisk institusjon.

Oslo tingrett har difor bede partane i saka om å seia ifrå dersom dei ønskjer nye sakkunnige til å laga ein ny rapport.

Tingrettsdommarane tek ei endeleg avgjerd i spørsmålet om nye sakkunnige fredag denne veka, etter det NRK erfarer.

Wenche Elizabeth Arntzen og Arne Lyng

Det er tingrettsdommarane Wenche Elizabeth Arntzen og Arne Lyng som bestemmer om det er behov for ein ny rettspsykiatrisk rapport av Anders Behring Breivik.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix



SISTE NYTT

Siste nytt