Hopp til innhold

Nedjusterer iranske atom-tal

Den iranske nyheitsbyrået ISNA endrar meldinga si frå tidlegare i dag om at Irans president Mahmoud Ahmadinejad varslar 100.000 atomsentrifugar frå neste år.

Mahmoud Ahmadinejad
Foto: - / AFP

Talet er 60.000, melder nyheitsbyrået. Det er same talet som Ahmadinejad varsla i ein tale sist veke.

Amerikanske styresmakter meiner at 60.000 atomsentrifugar er meir enn nok til å utvikle atomvåpen.

Ahmadinejad sa i dag at Israel ikkje har nok militær styrke til å angripe dei iranske atomanlegga. 

- Propaganda

- Sionist-regimet er på det noverande tidspunkt ikkje i stand til å angripe Irans atomanlegg. Truslane om eit slikt angrep er rein propaganda, sa han.

- Vi har planar om å installere 60.000 sentrifugar, og om Gud vil, vil Iran vere i stand til å produsere behovet for kjernefysisk brennstoff i løpet av 2007, sa Ahmadinejad. Det iranske nyttåret startar i mars.

Iran skal etter planen starte opp sitt første atomkraftverk i løpet av 2007.

I dag har Iran offisielt 164 sentrifugar i gang, og det neste steget er produksjon av 3000 sentrifugar. 3000 sentrifugar skal vere nok til å produsere nok uran nok til ei atombombe i året, om sentrifugane får gå konstant utan stans.

Atomvåpen

Iranske styresmakter seier at landet sitt atomprogram berre er til sivilt bruk, men både USA, Israel og EU er sikre på at Iran har som mål å skaffe seg atomvåpen. FN krev også at Iran avsluttar arbeidet med oppriking av uran.

Både Israel og USA har gjort det klart at dei ikkje kan leve med eit Iran med atomvåpen, og amerikanske styresmakter vil ikkje utelukke eit militært angrep mot dei iranske atomanlegga.

Den avtroppande israelske ambassadøren i USA sa sist veke at han var sikker på at president George W. Bush ville gå til eit slikt angrep, om det ikkje var mogleg å stanse det iranske atomprogrammet via diplomati.

SISTE NYTT

Siste nytt