Hopp til innhold

Nederland stengjer ned frå søndag

Laurdag kveld blei det klart at Nederland stengjer ned grunna koronasmitta i landet. Statsminister Mark Rutte seier dei nye tiltaka var uunngåelege.

Virus Outbreak Netherlands

Kunngjeringa om nedstenging var venta, og mange nederlendarar strøymde til butikkar og kjøpesenter for å få unna julehandelen før alt stengde.

Foto: Peter Dejong / AP

Nederlands statsminister Mark Rutte sa under ein pressekonferanse laurdag kveld at landet no må stengje.

Nederlandske helserådsgjevarar har anbefalt ein streng nedstenging som følge av at omikronvarianten har spreidd seg hurtig i landet.

– Nedstengingen gjeld frå og med søndag og er uunngåeleg, uttalte Rutte under pressekonferansen.

Førebels seier regjeringa at nedstengingen skal vare til og med 14. januar. Sannsynet for å forlenge tiltaka er stor, gjev statsminister Rutte uttrykk for.

wJj3APOzRH4

Statsminister Mark Rutte sa under laurdagens pressekonferanse at nedstenging er uunngåeleg.

Foto: BART MAAT / AFP

Eit av landa med mest smitte

Nederland er blant dei landa som har det største smittetrykket i verda. Per 100.000 innbyggjarar har dei i snitt hatt 1423 nye smitta dei siste 14 dagane.

– Det er med dystert humør eg står her. For å summera det i ein setning: Nederland går tilbake til nedstenging frå i morgon, uttalte statsminister Rutte.

Dei nye restriksjonane inneber at alle forretningar må stengje, bortsett frå supermarknadar og apotek. Restaurantar, treningssenter, kinoar og skular kjem også til å måtte halde stengd dei neste vekene.

Skulane i landet skal i fyrste omgang halde stengd til og med 9. januar.

– Om me ikkje set i verk inngripande tiltak no, vil det antakeleg føre til ein svært vanskeleg situasjon for landets sjukehus, sa Rutte under pressekonferansen.

Folk strøymde til butikkane

Den venta nyheita førte til valdsam handel for mange som ville sikre seg dei siste varene før jul.

Inne hos ein frisør i byen Breda var det mykje å gjere før nedstengingen.

– Folk er bekymra for at alt kjem til å stenge. Då må du kjappe deg, seier ein av frisørane til TV-stasjonen VRT.

– Må du seie nei til kundar?

– Ja. Eg har ikkje nok frisørar her i dag, det er for travelt.

NL COVID-19 Shopping

Ein frisørsalong i byen Breda hadde for få frisørar på jobb laurdag kveld, og måtte si nei til kundar som strøymde til salongen.

Foto: VRT

– Me hadde ikkje planlagt å komme hit, men me gjorde det etter at me høyrde om nedstenginga, seier ein av dei som er ute på julehandel til TV-stasjonen.

TV-kanalen var også innom ein leikebutikk kor det var svært mange kundar laurdag.

– Eg har lagt merke til at det er ekstra travelt i dag. Truleg fordi alt kjem til å stenge i morgon. Folk kjem for å få tak i det dei treng, seier ein av dei tilsette i butikken.

Færre besøkande heime

Saman med stengde butikkar og skular, blir også talet på gjester det er lov å ha i eigen heim redusert, frå fire til to personar. Unntaket er 1. juledag og nyttårsafta, då det framleis er lov med fire gjestar.

Sjølv med møter utandørs er det anbefalt at ein ikkje er fleire enn to personar saman.

– Omikron spreier seg raskare enn me hadde trudd. Me fryktar ein femte bølge med koronasmitte, sa statsministeren laurdag kveld.

Jaap van Dissel, avdelingsleiar ved Nederlands Nasjonale Institutt for Folkehelse og Miljø, som også er ansvarleg for pandemihandteringa, sa under pressekonferansen at omikron truleg vil dominere innan utgangen av 2021.

Fryktar smitte i Storbritannia

Helseekspertane som gjev britiske myndigheiter råd, fryktar at omikron no smittar fleire hundre tusen britar dagleg, melder Reuters.

Det er registrert fleire enn 10.000 omikron-tilfelle det siste døgnet, men dei fryktar altså at det reelle talet er langt høgare.

Om myndigheitene ikkje strammar meir inn på tiltaka, fryktar ekspertane at det dagleg er 3000 nye menneske som treng behandling på sjukehus i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt