Hopp til innhold

Nederland seier nei til EU-avtale

Nederland seier absolutt nei til at EU skal inngå ein stabiliserings- og assosieringsavtale med Serbia før den folkemordtiltalte general Ratko Mladic er utlevert til Haag.

Ratko Mladic
Foto: Oleg Stjepanovic / Scanpix/AP

Utanriksministeren i Nederland Maxime Verhagen gjer dette klart i eit intervju med det serbiske nyhendebyrået Beta, ifylgje den private kringkastinga B92.

– Me insisterer på vilkåret som krev at Serbia samarbeider fullstendig med domstolen. Mladic må vera i Haag. Det vert inga underskriving utan samarbeid, sa Verhagen.

Den slovenske utanriksministeren Dimitrij Rupel, sa tysdag at han ynskte å skriva under ein ein stabiliserings- og assosieringsavtale med Serbia snarast råd.

Samstundes antyda at kravet om at Mladic måtte utleverast ikkje lenger var ein absolutt føresetnad.

Nederland kan blokkera avtalen

Men ei EU-avgjerd er avhengig av at ho skjer samrøystes, og motstanden frå Nederland kan difor stoppa EU. Belgia er samde med Nederland, medan resten av EU skal vera villige til å oversjå kravet om utlevering av Mladic før avtalen er klar til å underskrivast.

Også på serbisk side er det strid om å underskriva avtalen. Statsminister Vojislav Kostunica og opposisjonspartia vil ikkje skriva ein avtale med EU utan at avtalen at avtalen eksplisitt anerkjenner Kosovo som del av Serbia.

Han krev òg at EU avlyser planane om å senda ein sivil delegasjon til Kosovo som skal etterfylgja den noverande FN-administrasjonen.