Hopp til innhold

Nederlag for May – brexit-kaoset held fram

Det britiske parlamentet har stemt ned statsminister Theresa Mays forslag til brexit-avtale, kaoset held fram i britisk politikk.

Det britiske parlamentet har stemt ned statsminister Theresa Mays forslag til brexit-avtale, kaoset held fram i britisk politikk.

VIDEO: Det britiske parlamentet har stemt ned statsminister Theresa Mays forslag til brexit-avtale, kaoset held fram i britisk politikk.

Dei komande dagane må dei britiske parlamentsmedlemmene stemme over å forlate EU utan ein avtale. Den nye avstemminga blir i morgon, men også dette alternativet vil truleg bli avvist.

Alternativet er i så fall å be EU om å utsette brexit utover den planlagde fristen 29. mars. Den avstemminga er venta torsdag.

Etter planen skal altså Storbritannia forlate EU om litt over to veker.

Nederlaget

Theresa May.

Theresa May måtte innsjå at nederlaget i parlamentet var eit faktum.

Foto: Reuters Tv / Reuters

Nederlaget i parlamentet er sviande, 391 parlamentsmedlemmer stemte mot avtalen, berre 242 for. 75 av Mays eigne partimedlemmer stemte imot henne.

Representantane til det nord-irske partiet DUP (Det demokratiske unionspartiet) gjorde det klart timar før avstemminga at dei kom til å stemme mot avtalen.

– Den nye skilsmisseerklæringa mellom Storbritannia og EU er ikkje bra nok for oss, sa partiets talsmann.

Det er korleis ein skal handtere grensa mellom Nord-Irland og Irland som igjen har skapt problem for statsministeren.

Leiar Jeremy Corbyn i opposisjonspartiet Labour kunngjorde allereie i går at statsministerens forhandlingar med EU ikkje har lukkast og at partiet vil stemme imot.

Også konservative brexit-tilhengarar frå Mays eige parti varsla på førehand at dei vil stemme imot.

Brexit-debatt i Underhuset.

Theresa May greidde ikkje å overtyde Underhuset i parlamentet om å støtte avtalen med EU.

Foto: Reuters Tv / Reuters

Det store grenseproblemet

Hovudproblemet i skilsmisseavtalen med EU har til no vore garantiordninga for Nord-Irland.

Den er ei slags forsikringsordning dersom Storbritannia vel å forlate EU utan ein eigen avtale. I så skulle Storbritannia plikte å vere ein del av EUs tollunion om ein framleis skal ha ein open grensehandel mellom Nord-Irland og Irland.

Grensa mellom Nord-Irland og Irland blir nemleg grensa mellom Storbritannia og EU etter Brexit.

Seint måndag presenterte statsminister May tre tilleggsdokument til avtalen, etter at Underhuset stemte et rungande nei til den førre avtaleteksten.

I den nye avtalen var det no semje om at garantiordninga ikkje skulle vere permanent, og at eit uavhengig, nøytralt organ skulle avgjere om Storbritannia kunne forlate garantiordninga.

Partane forplikta seg også til å arbeide for ei teknologisk løysing på grensa slik at man unngår fysiske sperringar og tollkontrollørar.

Ikkje meir forhandlingar

Men no er altså Theresa Mays nye avtale også stemt ned. EUs forhandlingsleiar Michel Barnier gjer det i kveld klart at EU ikkje har meir å gi, unionen har gjort «det den kan».

Laster Twitter-innhold
Nytt brexit-nederlag for May

VIDEO: Frå debatten i parlamentet.

SISTE NYTT

Siste nytt