NRK Meny
Normal

Nazistar marsjerer i Göteborg sentrum

Eit ukjent mengd nazistar gjennomførte ein ulovleg demonstrasjon i sentrum av Göteborg. Politiet seier dei har kome med oppmodingar om at demonstrasjonen blir avslutta.

Demonstrasjon i Gøteborg

Medlemmar av den høgreekstreme organisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen demonstrerte i Göteborg sentrum søndag.

Foto: Björn Larsson Rosvall/TT / NTB scanpix

Søndag ettermiddag kom det meldingar om at medlemmar frå Den nordiske motstandsbevegelsen demonstrerte i Göteborg sentrum. Demonstrasjonen starta ved Liseberg, og gjekk vidare over hovudgata Avenyn og vidare til Gustaf Adolfs torg, skriv Göteborgs-Posten.

Det er uklart kor mange som deltek i demonstrasjonen. Men vitne seier til Göteborgs-Posten at det skal vere rundt 50 personar som går i demonstrasjonen.

Ulovleg demonstrasjon

Politiet opplyser om at demonstrantane ikkje har løyve til å demonstrere, men pressetalsperson Jenny Widén i politiet seier dei ikkje kjem til å gripe inn så lenge dei ikkje forstyrrar.

– Vi vurderer situasjonen, men så lenge dei ikkje forstyrrar alminneleg orden eller bryt andre lover, vil vi ikkje gripe inn.

Politiet har oppmoda demonstrantane om å avslutte marsjen. Samtidig er dei redde for å provosere og skape situasjonar som kan bli valdelege. Det er ikkje rapportert om motdemonstrasjonar.

Planla marsj

Den nordiske motstandsbevegelsen har tidlegare søkt om å få demonstrere i Göteborg sentrum 30. september. Dei fekk avslag frå politiet på den opphavlege ruta fordi dei meiner det er for høg sikkerheitsrisiko. Politiet tildelte dei i staden ei alternativ rute.

Tidlegare i sommar demonstrerte medlemmar av den høgreekstreme organisasjonen i Kristiansand. Demonstrasjonen skulle opphavleg gå i Fredrikstad, men flei flytta til Sørlandet. Også i Kristiansand mangla demonstrantane løyve, men politiet ville ikkje gripe inn fordi dei var redde for å provosere.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt