Hopp til innhold

Sette fri av same Navy Seals-avdeling som tok bin Laden

Det var same avdelinga av Navy Seals som tok livet av Osama bin Laden i mai i fjor, som i natt sette fri ein dansk mann og ei amerikansk kvinne i Somalia.

 Jessica Buchanan og Poul Hagen Thisted

Jessica Buchanan og Poul Hagen Thisted vart sette fri i ein spektakulær aksjon frå amerikanske Navy Selas 06 i natt norsk tid.

Foto: Scanpix

Elitesoldatane hoppa ut i fallskjerm i eit område like ved leiren der dei to, Jessica Buchanan (32) og Poul Hagen Thisted (60), vart haldne som gislar av somaliske piratar. Begge arbeidde med minerydding i regi av Det danske flyktningrådet då dei vart tekne til fange i oktober i fjor.

– Utslåtte av khat

Navy Seals under eit treningsoppdrag.

Ei avdeling frå Navy Seals under eit treningsoppdrag i USA i fjor haust.

Foto: US NAVY / Afp

Etter at soldatane frå Navy Seal 6 hadde nådd bakken i fallskjermane, tok dei seg til fots til leiren der dei visste dei to var. Vaktene som hadde ansvaret for å passe på gislane skal ifølgje ei kjelde nyheitsbyrået Ap har snakka med, ikkje ha vore vakne då soldatane kom.

Bile Hussein, som sjølv skal vere pirat, seier han har snakka med andre piratar som var i området. Han fortel at vaktene hadde falle i søvn fordi dei hadde togge for mykje khat, eit lettare rusmiddel som er svært utbreidd i Somalia.

Han fortel at ni av dei som var til stades i leiren vart drepne, medan Navy Seals-soldatane tok med seg tre personar.

At tre av gisseltakarane vart tekne med i live, er ikkje stadfesta av amerikanske kjelder.

USAs president Barack Obama gav ordre til aksjonen i Somalia for to dagar sidan, og få minutt før han heldt sin State of the Union-tale i natt norsk tid ringde han til faren til Jessica Buchanan for å fortelje at dottera hans var i trygge hender.

– Bra jobba i kveld

Barack Obama

Barack Obama fekk melding om at aksjonen var vellukka like før han gjekk på talarstolen for å halde sin State of the Union-tale.

Foto: POOL / Reuters

Like før han starta talen vende han seg til forsvarsminister Leon Panetta og sa: – Bra jobba i kveld, bra jobba!

Visepresident Joe Biden seier at årsaka til at dei aksjonerte no, var etterretningsinformasjon om at helsa til Jesica Buchanan var blitt dårlegare.

Ei talskvinne for Det danske flyktningrådet, Mary Ann Olsen, seier i ein kommentar at Buchanan ikkje var veldig sjuk, men at ho hadde behov for medisin.

Ei anonym kjelde seier til Ap at Navy Seals-soldatane og dei to gislane vart plukka opp av eit helikopter etter at piratane var sette ut av spel, og at dei vart tekne til ein amerikansk militærbase i Djibouti med namnet Cape Lemonnier.

Djibouti, som også ligg på Afrikas Horn, er ein viktig alliert for USA, og Cape Lemonnier er den einaste amerikanske basen sør for Sahara.

Piratar på land

Leter pirater

Jakta på piratar i havområdet utanfor Somalia er intenvisvert, og piratane prøver å finne kidnappingsoffer på land.

Foto: Torgeir Haugaard

Då dei to hjelpearbeidarane vart bortførde i oktober i fjor, var det frykt for at det var terrororganisasjonen Al Qaida som stod bak. Men det var truleg ei gruppe piratar som tok dei to til fange.

Vestlege marinefartøy har intensivert patruljeringa i havområdet utanfor Somalia, og stadig fleire skip har væpna vakter. Det gjer at kapring av handelsskip har blitt vanskelegare for piratane, og dermed er ikkje geskjeften like lukrativ som tidlegare.

Dette kan ha fått ein del piratar til å sjå seg om etter moglege bortføringsoffer på landjorda.

Det er framleis mange vestlege gislar i Somalia, blant dei ein britisk turist, to spanske legar og ein amerikansk journalist som vart bortført så seint som sist laurdag.

– Reagerer på alle truslar

I ei fråsegn frå Barack Obama i ettermiddag norsk tid heiter det:

VILLY SØVNDAL

Villy Søvndal er utanriksminister i den raudgrøne regjeringa i Danmark.

Foto: Anders Tvegård / NRK

– Dette er endå ei melding til verda om USA vil reagerer sterkt på alle truslar mot vårt folk.

Ingen av dei amerikanske soldatane som deltok i aksjonen vart skadd. Danske styresmakter vart varsla før aksjonen vart sett i verk.

Danmarks utanriksminister Willy Søvndal (SF) seier at den danske regjeringa er glade for at den Poul Hagen Thisted no er sett fri, men at dei ikkje vil ha fleire aksjonar av same slaget. Han seier at det var Jessica Buchanan sin sjukdom som var utslagsgivande for aksjonen.

To danske- og fire filippinske sjøfolk blir framleis haldne som gislar i Somalia.

LES OGSÅ: Røper detaljer fra Osama-aksjonen

SISTE NYTT

Siste nytt