Hopp til innhold

Naudhjelp på Haiti plyndra

Sinte folk plyndra lastebilar med naudhjelp på Haiti då generalsekretæren i FN Ban Ki-moon besøkte byen Les Cayes. Nærare 700 menneske mista truleg livet i orkanen Matthew. Overlevande er desperate etter hjelp.

Menneske plyndrar naudhjelpslastebil
Foto: CARLOS GARCIA RAWLINS / Reuters

Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, ber folk gi meir støtte til Haiti etter å ha sett øydeleggingane i det orkanramma landet på nært hald. Han var sjølv vitne til at desperate menneske plyndra lastebilar med naudhjelp.

– Eg veit at verdsøkonomien ikkje er den beste for tida og at nokon land ikkje kan gje mykje støtte, men denne situasjonen, denne katastrofen kan ikkje eingong skildrast, sa på ei pressekonferanse laurdag.

Etter å ha floge over dei mest øydelagde områda i landet, sa Ki-moon at folk no må opne hjarta og hjelpe Haiti.

– Eg møtte mange heimlause menneske. Det var hjarteskjærende, heldt han fram han.

Ban Ki-moon på Haiti

Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon var vitne til plyndringa på Haiti.

Foto: ANDRES MARTINEZ CASARES / Reuters

Brukte tåregass

Spenninga på Haiti har vore så stor at mange familiar som har fått både avling og forsyning av vatn øydelagt, ikkje har fått hjelp.

Politiet og hjelpearbeiderar frå FN måtte bruke tåregass for å sre ei gruppe på kring 100 personar som gjekk til angrep på dei humanitære konvoiane i Les Cayes laurdag, skriv BBC.

I nokre områder er det framleis mangel på straum, transport og kommunikasjon.

Akutt behov for naudhjelp

Det hastar med naudhjelp til folket på Haiti. Ifølgje styresmaktene har meir enn 1,4 millionar menneske eit akutt behov for humanitær hjelp etter at orkanen Matthews ramma landet.

Så langt er 546 personar offisielt stadfesta omkomne, 128 personar er framleis sakna, og 439 er skadd. Over 175.000 menneske har mista heimane sine og over 500 menneske lir av kolera.

Verdas hjelpeorganisasjon (WHO) har sendt ein million koleravaksiner for å prøve å stoppe spreiinga. Etter jordskjelvet i 2010 omkom 8.500 menneske av kolera.

SISTE NYTT

Siste nytt