Hopp til innhold

Naudhjelp framme til syrarar som svelt

Dei første lastebilane med mat og medisinar er framme i omringa område i Syria, stadfestar Raude halvmåne. – Hjelpearbeidarane møter desperate og resignerte sivile, seier Ola Ulmo i Den norske Raudekrossen, som er i Damaskus.

Opprørere går gjennom nødhjelp fra røde halvmåne til al-Foua and Kefraya Idlib-provinsen i syria

INSPEKSJON: Opprørarar kontrollerer lastebilane med naudhjelp som skal til al-Foua og Kefraya.

Foto: AMMAR ABDULLAH / Reuters

Til saman vart over 100 lastebilar med naudhjelp til fleire titals tusen sivile syrarar klargjort i Damaskus tidlegare i dag. Maten og medisinane skal fram til Madaya, Zabadani og Moudamiya al-Sham, som er omringa av regimestyrkar. I tillegg går det naudhjelp til Idlib-provinsen, der landsbyane al-Foua og Kefraya er omringa av opprørsgrupper.

Det er fem av dei sju områda som regimet i Syria har gitt grønt lyst til å levere naudhjelp til, ifølgje FN.

Sidan 1. desember i fjor har Leger utan grenser fått rapportar om 46 dødsfall på grunn av matmangel i Madaya, men talet er truleg høgre.

Det er Raude Halvmåne som melder at den første naudhjelpa har kome fram til den omringa forstaden Moudamiya al-Sham til den syriske hovudstaden Damaskus.

Ola Ulmo i Syria.

HJELPA ER FRAMME: Ola Ulmo er landansvarleg for Syria i Den norske Raudekrossen. Han er i Damaskus og jobbar med naudhjelpa til syrarar som svelt.

Skal evakuere skadde

Ola Ulmo er landansvarleg for Syria i Den norske Raudekrossen, og bur i Damaskus. Han fortel at det også, i tillegg til matforsyningar, har kome fram ambulansar og mobile helseklinikkar til dei omringa områda.

– Helsepersonell skal behandle og evakuere dei mest sårbare og skadde til sjukehus utanfor dei omringa områda, seier Ulmo.

Mat for ein månad

Det er om lag 45.000 familiar som bur i dei omringa områda.

– Den maten og medisinane som vi har sendt inn no skal vere nok til å dekke behovet til innbyggjarane i ein månad, seier Ulmo.

Han beskriv møta med sivilbefolkninga som ein blanding av desperasjon og resignasjon.

– Ikkje nok med at dei er utsvelta og plaga av sjukdommar, men dei er òg opptekne av at dei har vore fråtekne rettane til humanitær naudhjelp.

– Dei ber oss om å dekke elementære behov, som mat og medisinsk hjelp. Dessutan er dei opptekne av å få kommunisert ut at det er store humanitære behov i desse områda.

Fredssamtalar neste veke

SYRIA- lastebilder med nødhjelp venter på å komme inn i beleiret området Moudamiya al-Sham

NAUDHJELP I KØ: Lastebilar med mat og medisinar står i kø for å kome inn i Moudamiya al-Sham utanfor Damaskus

Foto: OMAR SANADIKI / Reuters

FN har kravd uhindra tilgang til alle utsette område i Syria. Fleire hundre tusen menneske er fanga på grunn av bombing og kampar.

Om ei dryg veke skal representantar for regimet og opposisjons- og opprørsgrupper gjere eit nytt forsøk på å finne ei politisk løysing for Syria i Genève. Dei FN-støtta samtalane vart brotne i starten av februar. Hovudårsaka var at opposisjonen ikkje fekk innfridd krav om stans av den massive russisk-syriske bombinga, samt få inn naudhjelp til fleire hundre tusen syrarar i dei omringa områda.

SISTE NYTT

Siste nytt