Hopp til innhold

NATO: – Me følgjer nøye med

Tidlegare i dag skal 32 russiske stridsvogner ha køyrt inn i Aust-Ukraina, ifølgje ukrainske styresmakter. Ein Nato-offiser seier at alliansen følger nøye med på situasjonen.

UKRAINE-CRISIS/REBELS A man walks past residential block and a car damaged by recent shelling in Donetsk

Eit hus er sønderknust etter nye angrep i Donetsk, torsdag denne veka. No seier ukrainske styresmakter at russiske stridsvogner er på veg inn i Aust-Ukraina.

Foto: MAXIM ZMEYEV / Reuters

Det er styresmaktene i Kiev som seier at det er observert ei kolonne med 32 russiske stridsvogner. Opplysingane er førebels ikkje stadfesta av andre kjelder.

– Ser nøye på opplysingane

Ein offiser i Nato, som ønskjer å vere anonym, seier til nyheitsbyrået Reuters, at dei no sjekkar rapportane om russiske stridsvogner i Aust-Ukraina.

– Me kjenner til rapportane om russiske troppar og stridsvogner som kryssa grensa mellom Ukraina og Russland, og ser nøyare på desse opplysingane no, seier offiseren.

Han seier også at Nato den siste tida har observert ei auke i russiske troppar og utstyr nær den austlege grensa av Ukraina.

– Om denne grensekryssinga inn i Ukraina vert stadfesta, så vil det vere bevis på russisk aggresjon og direkte involvering i destabiliseringa av Ukraina, seier offiseren.

Ukrainas president, Petro Porosjenko, tok opp påstandane om russiske stridsvogner med Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, i dag.

– Kolonnen er eit brutalt brot på folkeretten og gjer det mykje vanskelegare å få til ei fredeleg løysning på konflikten, sa Porosjenko.

Skuldar på kvarandre

Russland har lenge blitt skulda for å vere direkte blanda inn i den ukrainske borgarkrigen mellom prorussiske separatistar og ukrainske styresmakter. Partane skal eigentleg ha inngått ein våpenkvileavtale, men denne avtalen har blitt broten fleire gonger dei siste månadane.

– Russland er framleis plikta til å følgje den to månader gamle avtalen, seier ein russisk talsmann til Reuters.

Det har vore fleire angrep i Aust-Ukraina dei siste dagane, med minst fem drepne og 31 skadde, seier det ukrainske militæret. Mellom anna skal to ungdommar ha blitt drepne i eit angrep i Donetsk.

Men skuldingane går begge vegar, for ukrainarane må tole skuldingar frå opprørarane om å bryte våpenkvileavtalen.

SISTE NYTT

Siste nytt