Robertson fordømer dei etnisk albanske geriljagruppene som oprerer nord i Makedonia, og skuldar dei for å bruke sivile som levande skjold, slik Saddam Hussein gjorde under krigen i Persiabukta tidleg på 90-talet.
Robertson seier også at NATO vurderer å ta kontroll over grenseområdet mellom Albania og Makedonia for å stanse dei albanske ekstremistane. Han kom med fråsegnene under ei vitjing i den albanske hovudstaden
Samstundes ba Robertson den albanske regjeringa om å vere tilbakehaldne når det gjeld maktbruk, for å hindre sivile tap.